fredag 21. desember 2012

Opningstider i jula

I jula har vi litt reduserte opningstider.

Vi har opent:

Torsdag 27. desember: 11-15
Fredag 28. desember: 11-15
Laurdag 29. desember: 11-15

Første opningsdag etter jul er onsdag 2. januar til vanleg tid.

Vi vil ønskje alle ei riktig god jul og eit godt nyttår!

onsdag 19. desember 2012

Nordaustpassasjen

Kulde og varme – fortid og framtid


Romanen 'Nordaustpassasjen', skriven av Kjartan Fløgstad, spenner over eit langt tidsrom og handlinga flytter seg rundt omkring på vår planet, frå nord til sør, og frå aust til vest. Lesaren vert mellom anna teke med til Hillevåg i Stavanger, Dudinka i Sibir, Wroclaw i Polen og Veracruz i Mexico. Med denne romanen vart Fløgstad nominert til Brage-prisen i skjønnlitteratur i år.

Forteljaren, eg-personen i romanen, er forfattaren Kjell Kistefjell som lever i ei nær framtid kor USA har brote saman, delt opp i fleire ulike statar, og Oslo har bytta namn til Thonby. Kistefjell får eit nytt og annleis jobbtilbod som tek han på ei lang reise som endar opp i Mexico.

Kistefjell er oppteken med å finne ut lagnaden til to brør som vart evakuert ut av Spania på slutten av den spanske borgarkrigen. Brørne Augustín og Epifanio Neander hamna på to heilt ulike plassar, den eine i Mexico og den andre i Sovjetunionen. Kistefjell møtte den eine av desse brørne då han som ung mann gjorde ein liten gjesteopptreden innan spaghetti-westernfilmindustrien som hadde sin base i Spania under Franco.

Fløgstad dyttar inn mykje nyare historie, samt egne erfaringar som sjømann, i denne boka. Fletta inn i handlinga kjem Fløgstad òg med synspunkt på og tankar rundt den politiske utviklinga i verda, kommersialiseringa av massemedia, den pågåande økonomiske krisa, dei store ideologiane på 1900-talet, terroråtaka 22. juli 2011 og mykje anna. Alt saman gjennom  forteljarpersonen Kjell Kistefjell.

Forteljnga er pakka inn i ein levande, og til tider intens, nynorsk språkdrakt. Her er det mykje detaljerte skildringar, ordspel, språklege bilete og tankerekkjer.

 'Nordaustpassasjen' er ei spesiell bok, som ein ikkje gløymer etter å ha lest den.