fredag 25. januar 2013

Om politikk, postvesen og kvardagsliv

Leve posthornet!

I romanen 'Leve posthornet!', skriven av Vigdis Hjorth, møter vi kommunikasjonsrådgjevaren Ellinor, ei dame i førtiåra som får i oppgåve å hjelpe LO-forbundet Postkom med arbeidet mot EU sitt tredje postdirektiv, med landsmøtet til Arbeidarpartiet i april 2011 som endepunkt.

Tankane til hovudpersonen er ein stor del av denne romanen. Ellinor reflekterer over livet sitt, og følar seg fanga i den daglege tralten. I tillegg til at vi i romanen følgjer arbeidet mot postdirektivet, følgjer vi og personen Ellinor og hennar personlege reise ut av ein bølgjedal og fram til ei erkjenning av kor viktig dei kvardagslige opplevingane er.

I denne romanen tek Hjorth for seg både politikk, samliv og kvardagsliv. Ho vekslar godt mellom alvor og humor.

Hjorth skriv på ein engasjerande måte, og om nyleg norsk politisk historie. Boka 'Leve posthornet!' er i tillegg ein kjærleikserklæring til postvesenet, postkort og brev.

Finn boka på biblioteket

fredag 11. januar 2013

God historie frå norsk debutant

Da Henrik Husten kom hjem

Forfattar: Bård Nannestad
Frå forlaget:
Hver kveld går Frank Berg tur med bikkja, Betsi. Det er det siste han gjør før han går til ro, og de to tar alltid samme ruta, seint og etter at naboene i husbankvillaene har lagt seg. En kveld står det en Toyota ved den så vidt opplyste snuplassen i enden av gata. I bilen sitter en mann, sammenkrøket i forsetet. Bildøra åpner seg bak Frank, og et ansikt han ikke kjenner, spør: – Er det deg, Frank Berg?

Slik møtes de gamle naboguttene igjen etter at Henrik Husten forsvant førti år tidligere. Hvordan samler de trådene igjen og får oversikt over tida som har gått? Og hvorfor kom Henrik tilbake?

Da Henrik Husten kom hjem er en varm roman om Nittedal, om aldrende menn og deres daglige ritualer, og om hvordan våre fedres synder kan gå i arv eller sende oss ut i en bane av nye livsmuligheter.
Det som er lukket kan også åpne seg.

Dette var først ei bok som eg var litt usikker på om eg ville like, men etter å ha fått den anbefalt tenkte eg å prøve den. Heldigvis.
Bård Nannestad er debutant, men skriv som om han er ein røynd forfattar. Det er ingen store svulstige ord i boka. Berre ei veldig godt fortalt historie som du blir interessert i frå første side, og som held deg nysgjerrig gjennom heile boka. Kvifor er Frank Berg blitt ein inneslutta einsam mann? Kvifor kjem Henrik Husten tilbake etter 40 år? Og kva er det som bind dei saman?
Det er vanskeleg å legge frå seg boka når ein først har begynt å lese, så det er eigentleg berre å sette av ein kveld når du først er i gong. Eg håpar Bård Nannestad ikkje bruker 10 år på neste bok også, for eg vil gjerne lese meir snart.
Finn boka i websøk

tirsdag 8. januar 2013

Godt nytt leseår!

Vi vil ønskje alle lesarar og brukarar av biblioteket eit riktig godt nytt år! Vi håpar mange har som nyttårsforsett at dei skal lese litt meir dette året og at mange av dykk vil komme innom biblioteket for å låne noko nytt og spennande :)

Det har vore eit veldig kjekt første halvår for ein heilt fersk biblioteksjef med mykje nytt å sette seg inn i. Dette året vert sikkert ikkje noko annleis, og det er mykje å sjå fram til og lære også no.

I haust var vi så heldige å få besøk av Arnhild Skre og Gro Marie Svidal som underheldt oss med kåseri, lydbildeshow og flott musikk for å heidre Hulda Garborg. Vi har også feira Teddybjørnens dag og vore med å arrangere Kulturnatta 9. nov. Det var veldig kjekt å sjå at det kom mange folk på alle arrangementa, spesielt for dei flinke aktørane våre som gjorde ein fantastisk fin innsats. Det gjer at vi gleder oss til å prøve å få til ein del arrangement utover våren også!

Snart skal vi til på ei ny stor kassering av bøker. Før jul rydda vi opp og kasserte mange gamle bøker som ikkje lenger var aktuelle eller knapt lånt ut. Alt i alt kasserte vi nærare 3000 bøker og videoar. Mykje av det vart kjøpt av dei som besøkte oss på den store bokloppemarknaden i samband med Kulturnatta, og utover november månad. No skal vi snart til på ei ny kasseringsrunde. Medan det var barne- og ungdomsbøker, krim og mykje faglitteratur som vart kassert i førre omgang skal vi no til på resten av faglitteraturen, dvs. mykje historiebøker og biografiar, og skjønnlitteratur for vaksne. Vi gleder oss til å komme i gang og få meir plass til å stille ut dei fine bøkene vi har og til all den nye litteraturen som kjem inn kvar veke. Og så håpar vi at den neste bokloppemarknaden vert like populær blant folk slik at det vert ein vinn-vinn situasjon! :)

I året som gjekk opplevde vi ein liten oppgang i utlån av bøker og ein litt større oppgang i utlån av andre medier. Det synest vi er veldig kjekt og vi håpar at dette held fram i 2013. Men det føreset sjølvsagt at vi klarer å lokke dykk alle til å komme innom biblioteket for å låne og sjå kva vi har. Vi vil gjere vårt beste!

Nokre bøker vart meir lånt ut enn andre, og på biblioteket har vi no laga til ei lita utstilling av dei bøkene, dvd-ane og lydbøkene som vart mest lånt ut i 2012. Statistikken lyg ikkje, men det er sjølvsagt viktig å hugse på at ei bok som kom i januar 2012 eller t.om. i november 2011 har mykje meir tid på seg til å bli lånt ut enn ei bok som ikkje kom før i oktober 2012. Statistikk er uansett kjekt!


5 på topp

 

Skjønnlitteratur barn og ungdom
1.      Bringsværd, Tor Åge: Karsten og Petra vil lære å svømme
2.      Rowling, J.K.: Harry Potter og de vises stein
3.      Bringsværd, Tor Åge: Karsten og Petra kjører brannbil
4.      Stueland, Unni R.: Søppelmysteriet
5.      Grossmann, Kari: Lillesøster i butikken
 
Faglitteratur barn og ungdom
1.      Caldwell, S.A: Dragenes verden: dragerikets hemmeligheter
2.      Brooks, Felicity: Min første bok om farger
3.      Nyhus, Egil: Kaptein sabeltann og heksegryta
4.      Asbjørnsen, P. Chr: Mine første eventyr
5.      Bli kjent med livet på gården
 
Lydbøker barn og ungdom
1.      Rowling, J.K. : Harry Potter og mysteriekammeret
2.      Parr, Maria: Vaffelhjarte
3.      Meyer, Stepheie: Ved daggry
4.      Keene, Caroline: Turbulens
5.      Keene, Caroline:  Falske toner
Spel
1.      Ungene i gata & Rocke Ragnar
2.      Knertenspillet: spill og lek med Lillebror og Knerten!
3.      Ungene i gata
4.      Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse
5.      Henge & Bia
 
 
Skjønnlitteratur vaksne
1.      Nesbø, Jo: Gjenferd
2.      Rosnay, Tatiana: Saras nøkkel
3.      Hislop, Victoria: Øya
4.      Samartin, Cecilia: La Peregrina
5.      Samartin, Cecilia: Mofongo
 
Faglitteratur vaksne
1.      Hatledal, Kristin: Kvinnekamp. Historia om norske motstandskvinner
2.      Gangdal, Jon: Jeg tenker nok du skjønner det sjøl. Historien om Christoffer
3.      Myklebust, Gunnar: Tungtvannssabotøren: Joachim H. Rønneberg, Lingekar og fjellmann
4.      Mytting, Lars: Hel ved: alt om hogging, stabling og tørking og- vedfyringens sjel
5.      Corwin, Gunnhild: Idas dans: en mors beretning.
 
Lydbøker vaksne
1.      Webb, Katherine: Arven
2.      Lansens, Lori: Reisen hjem
3.      Riley, Lucinda: Orkideens hemmelighet
4.      Mehlum, Jan: Straffen
5.      Egeland, Tom: Nostradamus’ testamente
 
Film vaksne
1.      Barnepiken
2.      Kong Curling
3.      Bridesmaids
4.      Trolljegeren
5.      Hodejegerne
 
Tidsskrift
1.      I form
2.      Bonytt
3.      Maison interiør
4.      Familien
5.      Foreldre og barn