Arrangement på biblioteket

Kom og høyr forteljinga om Hulda Garborg

Onsdag 3. oktober kl. 18 er Stryn bibliotek så heldige å få besøk av forfattar Arnhild Skre og musikar Gro Marie Svidal. Saman skal dei to fortelje historia om Hulda Garborg. Arnhild Skre gjennom kåseri og lysbilete, og Gro Marie Svidal gjennom å spele tradisjonsmusikk knytt til arbeidet til Hulda Garborg.


Hulda Garborg vart født i 1862 i Stange. Ho vart født på ein storgard, men fekk sjølv ikkje oppleve mykje av storgardslivet. Berre eitt år etter at Hulda Garborg vart født måtte faren selje garden og kort tid etterpå skilde foreldra seg. Det var litt av eit statusfall og Hulda Garborg måtte flytte saman med mora i ein liten hybel på Hamar. I 1875 flytta Hulda og mora til Kristiania og tre år etterpå fekk ho seg sin første jobb, som butikkjomfru i forretninga til Mikkel Dobloug .Gjennom Dobloug kom ho i kontakt med Christiania Arbeidersamfund, og det var i dette miljøet ho mellom anna møtte sin framtidige mann Arne Garborg. Dei gifta seg i 1887 og fekk sonen Arne Olaus saman.
Hulda Garborg var ei driftig og allsidig dame. Ho var forfattar (ho gav ut dikt, romanar, skodespel, artiklar og faktabøker), politikar og danselærar. I tillegg var Hulda Garborg ein aktiv samfunnsdebattant og folkeopplysar. Ho engasjerte seg mot imperialismen og barnarbeid, og var ein pioner innanfor målsak, teaterarbeid, kvinnesak og kosthald. Dei fleste kjenner også namnet Hulda Garborg frå arbeidet med bunadar og folkedansen. Ho kjempa for å få bygdebunadane i bruk igjen og gav nytt liv til folkevisedansen.

Det var Hulda Garborg som starta Det norske spellaget som seinare vart gjort om til Det Norske Teatret med ho sjølv som styreformann. I ein kort tale etter den første framsyninga sa Hulda Garborg mellom anna: «Det er ein draum som har hendt i kveld – at me hev opna eit teater med norsk talemål i Kristiania og er komne fraa det med livet(…)» 

Les meir om Hulda Garborg
Arnhild Skre er historikar av utdanning, men mange kjenner ho kanskje også som journalist i NRK, Aftenposten og Dag og tid. I Dag og tid var ho også den første kvinnelege redaktøren.  Biografien hennar om Hulda Garborg har fått strålande kritikkar, og vann Brage-prisen for beste biografi i 2011. Boka Hulda Garborg - Nasjonal strateg kan du låne på biblioteket. Gro Marie Svidal er frå Jølster, utdanna ved Norges Musikkhøgskole og ved Ole Bull-akademiet på Voss, og har halde mange konsertar både i innland og utland.