onsdag 29. august 2012

Historisk roman om ein sterk kvinnelagnad


Glass og aske

Forfattar: Ann Syrehn Tomasevic

Frå forlaget
Et uforglemmelig portrett av en uvanlig kvinne som overlever tre ekteskap, to verdenskriger, den russiske revolusjonen og det store børskrakket, og som ser fremveksten av et nytt Europa.


Hovudpersonen i boka, Lili, veks opp i det omstridde området Alsace-Lorraine (eller Elsass-Lothringen på tysk). Eit område som har vore tysk og fransk om kvarandre opp gjennom historia, og som har vore årsak til mange konfliktar mellom dei to landa. Oppveksten og bakgrunnen til Lili pregar ho gjennom livet og det er spennande å følgje hennar liv gjennom dei dramatiske hendingane i Europa og Amerika på 1900-talet.

Parallelt med Lili si historie følgjer vi den svenske journalisten Amanda i hennar jakt på kva Lili opplevde. Det er likevel Lili si historie som tek opp klart mest plass i boka, og det er bra, for det er hennar historie som verkeleg gjer at ein har vanskeleg for å leggje denne boka frå seg.

For dei som likar at romanar har eit historisk bakteppe er denne boka å anbefale. Boka er godt skriven, og forfattaren fell aldri for freistinga å overdrive hendingane eller livet til Lili. Forteljinga er sterk nok som den står, og det er tydeleg at forfattaren har brukt mykje tid på å få med seg dei små detaljane om dagleglivet i den historiske tida romanen er lagt til. 

GJELD - Hvordan Vesten lurte seg selv

Forfattar: Christian Anton Smedshaug

Frå forlaget:
Den økonomiske krisen Vesten er inne i er langt alvorligere enn finanskrisen i 2008, hevder Chr. Anton Smedshaug. Da var det private husholdningers gjeld som var årsaken til krisen, nå er gjeldskrisen nådd et statlig nivå, og pengene som kunne vært nødvendige er langt på vei brukt.

På en lettfattelig måte og med dramatikk som i en thriller fortelles historien om hvordan de vestlige stater havnet i det verste økonomiske uføret siden 1930-årene. I Østen derimot industrialiserte Kina og overtok den produksjon som Vesten avviklet. Hvordan kunne dette skje? Denne boka forklarer hvordan.

Ei god bok for dei som vil lære meir om gjeldskrisa vi er inne i, og på kva måtar den kan ramme oss.  Sjølv om emnet i seg sjølv er makroøkonomi som kan vere særs så avansert og innfløkt, er denne boka skriven på ein enkel og lett måte som gjer boka lettlest og spanande. Så absolutt ikkje ei bok kun for diplomøkonomar!

På ein måte har mange land i vesten gått frå å vere I-land til å bli gjeldstynga «U-land» som lever i ei boble av shopping og tenester til kvarandre. Kina og andre land i Asia stod klare til å produsere, og ikkje minst låne ut dei pengane som måtte til for å finansiere kjøpefesten. Korleis går det når kalaset skal tilbakebetalast, og korleis?

tirsdag 28. august 2012

Bok om 22. juli

Da terroren rammet Norge

Forfattar: Kjetil Stormark


Frå forlaget:
22. juli var et mareritt vi aldri kunne forestilt oss. I ettertid har vi behov for å forstå, og for å vite hvordan man handlet i de dramatiske timene. Ingen steder har dette blitt gjort så oversiktlig og gjennomarbeidet som i Kjetil Stormarks bok. Kjetil Stormark har siden begynnelsen av august jobbet døgnet rundt og snakket med over 100 kilder for å skape en oversikt over det som skjedde de forferdelige timene 22. juli. 


For dei som orkar å lese ei bok om 22. juli så vil eg anbefale denne. Den erfarne journalisten Kjetil Stormark har gjort eit stort og viktig arbeid med denne boka. Det er ei veldig velskriven boka, men den er først og fremst særdeles grundig. Forfattaren har gjort over 120 intervju, i tillegg til dei mange skriftlege kjeldene. Dette syner godt att i boka. Rett nok har forfattaren fått litt hjelp med kjeldearbeidet, men det er likevel eit imponerande stykke arbeid av Kjetil Stormark.

Boka gjev ei veldig god oversikt over det som hendte, på ein måte som aviser og andre media ikkje klarer. Ved å gå kronologisk fram og konsekvent veksle mellom ulike situasjonar som hendte den dagen får lesaren betre sjå samanhengane. Til sist må det seiast at dette er ei veldig sterk bok å lese, og sjølv om språket er nøkternt er hendingane såpass vonde å lese om at det til tider kan vere tøft å bla over til neste side.

Finn boka i websøk

mandag 27. august 2012

Torbjørn Egner 100 år


I år er det 100 år sidan Torbjørn Egner vart født. Han kom til verda den 12. desember 1912 på Kampen i Oslo, og skulle vekse opp til å bli ein allsidig mann, elska av barn over heile landet.

Torbjørn Egner var utdanna teiknar, men viste etterkvart at han hadde talent på fleire felt enn dette. Han jobba som grafikar, scenograf, dramatikar, visekomponist og ikkje minst som forfattar. Like før krigen, i 1939, kom den første barneboka hans. Den vart like så godt kalla "Barneboken 1940". Snart kom det også fleire barnebøker. Dei mest kjende bøkene blei til etter at han byrja å jobbe med barneprogram i radioen. Både Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen og Folk og røvere i Kardemomme by byrja som opplesing i radio før dei kom som bøker og teateroppsetninger.

Karius og Baktus
På biblioteket har vi mange av Torbjørn Egner sine bøker, og vi veit at både barnehagar og skular skal jobbe ekstra med bøkene til Torbjørn Egner i år. Vi ønskjer alle velkomne til å komme på biblioteket og låne av samlinga vår.




Les meir om Torbjørn Egner

mandag 20. august 2012

God barnebok for dei minste



Moi om morgenen

Forfattar: Endre Lund Eriksen (illustrert av Khim Tengesdal)


Frå forlaget:
Moi våkner før alle andre. Hun kan gjøre alt selv. I alle fall nesten....

Langt fra folk og høyt til fjells ligger Dunderly! Et hemmelig sted der monstre kan bråke, leke og ha så mye ludibunder de bare orker! Universet er skapt av Endre Lund Eriksen og Endre Skandfer i samarbeid med GAN Aschehoug.

Moi om morgenen er ei av dei første bøkene om Moi, som er det minste monsteret i Dunderly. Som andre små står Moi opp før alle andre. Moi vil òg gjerne få til alt sjølv, men det er av og til litt vanskeleg. Boka tek for seg lett gjenkjennlege tema for både barn og foreldre, har korte tekstar og veldig morosame illustrasjonar. Moi-bøkene er veldig fine bøker som passar godt for dei minste i huset.

Finn boka i websøk