fredag 22. februar 2013

Serieromanar

På biblioteket har vi fleire serieromanar som er veldig populære. Mange har vi hatt i fleire år, og bøkene vert stadig utlånt. I haust har vi fått ein del nye seriar inn på biblioteket. Først og fremst frå snille folk som har tilbode oss dei. Dette synest vi er kjekt fordi vi veit at det er mange som set pris på å lese dei. Difor har vi bytta ut nokre av dei eldste seriane og sett dei på magasinet slik at vi har fått plass til dei nye i hyllene våre. No vil vi gjerne at fleire skal oppdage desse bøkene, og vite at det er mogeleg å låne dei hos oss.

Ein kort presentasjon:

Arvesynd
Forfattar: Anne Lise Boge
Indre Nordmøre 1910. Mali kjem frå ein fattig familie, men vert lagt merke til i bygda på grunn av sin vakre utsjånad. Odelsguten på den rikaste garden i bygda, Johan, er ein av dei som legg merke til ho. Han tilbyr ekteskap og Mali må gifte seg mot sin vilje for å redde familien. Men ein dag møter ho sjølv kjærleiken…

Barn av stormen
Forfattar: Merete Lien
Jomfruland 1790. Den 17 år gamle Agnethe bur på vakre Jomfruland med det ville havet rett utanfor døra. Ho elskar øya, men mest av alt elskar ho Johannes. På grunn av vondt blod mellom familiane er det vanskeleg med kjærleiken. Samtidig blir ho forvirra av den mørkhåra mannen som heile tida dukkar opp i draumane hennar.

Folket på Lindstad
Forfattar: Rune Angell-Jacobsen
Sør-Trøndelag på midten av 1800-talet. Victoria Lindstad er arving til storgarden Lindstad. På garden jobbar Jacob som Victoria vil gifte seg med. Dette fell ikkje i god jord hos faren, men Victoria vil kjempe for kjærleiken.

Fossefall
Forfattar: Jorunn Johansen
Finnskogen 1874. Bondedottera Amalie har forelska seg i skogfinnen Mitti, men ho er redd for kva foreldra vil seie når dei finn ut at ho er kjæraste med ein finnegut. Amalie slit også med minner frå då ho var lita jente. Ho var vitne til at ein mann kasta ei kvinne i fossen. Kven var kvinna? Vart ho drepen? Og er den som drap ho framleis i området?

Hannah
Forfattar: Laila Brenden
Hemsedal 1826. Hannah er godseigardotter frå Danmark, men har slått seg ned saman med ektemannen Engebret på garden Rudningen i Hemsesal. Ein dag ho er aleine heime er det storm og i stormen dukkar det opp ein mystisk framand mann med intense blå auge.

Havets datter
Forfattar: Trine Angelsen
Lofoten 1870. Elisabeth er seksten år og skal byrje å arbeide på storgarden Dalsrud. Ho har aldri vore borte frå barndomsheimen før og gler seg til å prøve noko nytt. Samtidig har ho ei vond kjensle i kroppen av at ikkje alt blir like enkelt.  

Ingebjørg Olavsdatter
Forfattar: Frid Ingulstad
Eidsvoll 1352. Svartedauden har herja i Noreg, og tatt med seg mellom anna far til Ingebjørg. Det er Ingebjørg som finn faren og hos han finn ho også tre gjenstandar som vil følgje ho, både som ei velsigning og som ei forbanning. Ho har eit hemmeleg forhold til Eirik, men veit at mora aldri vil tillate eit forhold mellom dei. Ho har sine eigne planer for dottera. Ingebjørg Olavdatter er bygd på eit middelaldertestament som framleis eksisterer.

Livets lenker
Forfattar: Christin Grilstad Prøis
Gudbrandsdalen 1850-åra. 18 år gamle Elen veks opp lukkeleg på fjellgarden Heimsett. Familien har aldri hatt god råd, men det Elen ikkje veit er at faren har sett dei i stor gjeld. Doktoren i bygda tilbyr seg å redde garden frå tvangssal, men han har eitt krav. Han vil ha Elen som brud.

Livsarven
Forfattar: Ann-Christin Gjersøe
Vestfold i 1880-åra. Dei to søstrene Abelone og Ellen veks opp på garden Gimle med ein far som er klokkestøypar. Dei er nært knytt til kvarandre og kusina Blanche som bur i Tønsberg. Som døtrer i velståande familiar får dei tre jentene oppleve at det ikkje er alt dei får bestemme sjølv, også kven dei skal gifte seg med.

Morsarven
Forfattar: Anne Lise Boge
Morshjerte omslagsbildeLandvik 1928. Kjøpmannsdottera Maren, dotter av bygdas einaste kjøpmann, er forelska i fattigguten Trond. I bygda er det eit strengt skilje mellom dei som har pengar og dei som ikkje har det. Dette får Maren og Trond kjenne på kroppen.

Nordlysets døtre
Forfattar: Ellinor Rafaelsen
Mo i Rana 1905. Kaja veks opp på eit småbruk litt utanfor Mo. Ho forelskar seg i rallaren Gustav som er komme til Mo i Rana for å få arbeid ved det store jernverket som er under oppføring der. Ho rømmer med han til Mo, men der skal det vise seg at skjebnen har andre ting som ventar ho.

Rosehagen
Forfattar: Merete Lien
Bergen og Kragerø på slutten av 1880-talet. Emily bur i Bergen saman med mora. Ho har hukommelsestap og hugsar ikkje noko frå tida før ho var ti år gamal. Ein dag oppdagar ho at livet ho har levd har vore basert på løgn.

Storgårdsfolk
Forfattar: Eva J. Stensrud
Hedemarken 1810. Johanna er odelsjente på storgarden Store Guldberg. Ho er ikkje redd for å seie si meining og tek alltid dei svakaste sitt parti. Ho er trulova med naboguten, men er usikker på om han er det rette valet. Samtidig dukkar det opp fleire hemmelegheiter som ho må hanskast med.

Sønnavind
Forfattar: Frid Ingulstad
Oslo 1905. Elise er 18 år og arbeider på eit spinneri ved Akerselva. Saman med veslesøstera forsørgjar ho familien på seks. Mora er sjuk og faren drikk. Elise er kjæraste med naboguten Johan som ho har vore ven med sidan barndomen. Ein kald januardag finn Elise ein gjenstand i snøen. Denne skal få dramatiske følgjer for henne og Johan sitt liv.

Teppefall
Forfattar: Kamilla Mathisen og Gro Gravem
Nordland/Oslo notid. Andrea drøymer om å bli skodespelar. På trass av at mora er sterkt imot det dreg ho til Oslo for å prøve lukka. Der får ho nye vener og møter draumemannen. Men snart merker Andrea at det er noko som ikkje stemmer.

Thea
Forfattar: Trine Angelsen
Lofoten 1910. Kjøpmannsdottera Thea skil seg ut i den lille bygda i Lofoten. Ho er vakker og har sterke meiningar, og sjølv om det er mange som er forelska i ho har ho ingen planer om å bli saman med nokon av dei. Ikkje før besteveninna sin fetter vender tilbake frå Amerika…


 
I tillegg har vi også desse litt eldre seriane: Skjebnespill, Kystfolket, Livets døtre, Sara vakker, Tidemann, Amerika og ikkje minst Sagaen om Isfolket. Den siste er innbunden. Vi har også fleire innbundne seriar. Kom og lån!  J

 

fredag 15. februar 2013

Monstermenneske

Forfattar: Kjersti Annesdatter Skomsvold

Frå forlaget:
Da hun var sytten år, løp hun fortest og lengst og var ikke til å stoppe, men så stoppet alt opp. Kjersti skulle egentlig studere til å bli ingeniør, men ligger i stedet på gamlehjem. Hun hører en dame dø på den andre siden av veggen. Kjæresten orker ikke å bære henne lenger. Kjersti tenker at hvis hun kan klare å skrive en roman, vil hun igjen føle seg som et menneske. For en roman må være skrevet av et menneske. Hun begynner å skrive på gule post-it-lapper som hun klistrer på veggen over senga. Monstermenneske stuper inn i det syke, det stygge, det vakre, det selvransakende og det sårbare, med tankevekkende alvor og sjenerøs humor. Hvordan slutte å være redd og bli et menneske ute i verden?


Endeleg fekk eg også lest denne boka. Ei bok som er blitt rost opp i skyane av kritikarane. Dette er noko av det dei skriv:

- Dette er stor litteratur ... I beskrivelsene av forholdet mellom fiksjonen og virkeligheten, er Skomsvold i særklasse. Hun har skapt en metaroman, en roman om å skrive en roman.

- I over en uke har jeg levd med Montermenneske. At det nå er over, kjennes feil. Jeg håper Kjersti Skomsvold fortsetter å skrive bøker jeg kan leve med i framtida"

- Roll over, Karl Ove, det er en ny mester av selvbiografiske romaner in town!


Etter å ha lest boka seier eg meg samd med kritikarane. Dette er ei veldig god bok skriven av ei ung jente som vi kjem til å høyre mykje meir om i framtida. Dette er den andre boka til Skomsvold og den første Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg vann blant anna Tarjei Vesaas debutantpris for 2009.

Første delen av boka er den beste og også den sterkaste. Det er vondt å lese om korleis ho som ei ung jente med alle mogelegheiter foran seg må ligge på sjukeheim med eldre folk som døyr rundt ho. Men sjølv opp i alt det vonde klarer Skomsvold kunststykket å vere morsom. Ho er morsom på bekostning av seg sjølv, men ikkje på ein måte som gjer at ein ler av ho, men av situasjonane som ho skildrar så godt. Boka er på heile 600 sider og det skal vere ein god roman for å halde på lesaren heile vegen. Men det klarer Skomsvold. Du heier på ho og håper slik på at ting skal gå betre, at sjukdomen skal sleppe taket. Samtidig flyr sidene av gårde.

Eg gler meg til Kjersi Annesdatter Skomsvold si neste bok!

Finn boka på biblioteket


fredag 1. februar 2013

Barnebokanbefaling

Billedbok for dei aller minste


For kort tid sidan fekk vi inn to nye billedbøker på biblioteket. Desse var så fine at eg måtte låne dei med heim til mi vesle jente. Der fall dei i smak med ein gong. Dei har blitt lest igjen og igjen, og har vore dei bøkene som raskast har blitt tatt fram frå hylla. Så det er nesten slik at eg litt motvillig no har tatt dei med tilbake til biblioteket. Men no er det på tide at nokon andre små barnehender får glede av dei.

Bøkene heiter "Jeg er glad i deg pappa" og "Jeg er glad i deg mamma", noko som ikkje akkurat gjer lysta hos foreldra mindre til å lese dei....Historiane er fine og gjenkjennelege, men det aller beste med boka er dei nydelege illustrasjonane. Difor har eg tatt nokre bileter så de sjølv kan få sjå. Dette er bøker som absolutt er verdt å låne, og som er kjekke å lese for store og små.