Romanen 'Nordaustpassasjen',
skriven av Kjartan Fløgstad, spenner over eit langt tidsrom og handlinga
flytter seg rundt omkring på vår planet, frå nord til sør, og frå aust til
vest. Lesaren vert mellom anna teke med til Hillevåg i Stavanger, Dudinka i
Sibir, Wroclaw i Polen og Veracruz i Mexico. Med denne romanen vart Fløgstad
nominert til Brage-prisen i skjønnlitteratur i år.
Forteljaren,
eg-personen i romanen, er forfattaren Kjell Kistefjell som lever i ei nær
framtid kor USA har brote saman, delt opp i fleire ulike statar, og Oslo har
bytta namn til Thonby. Kistefjell får eit nytt og annleis jobbtilbod som tek
han på ei lang reise som endar opp i Mexico.
Kistefjell er
oppteken med å finne ut lagnaden til to brør som vart evakuert ut av Spania på
slutten av den spanske borgarkrigen. Brørne Augustín og Epifanio Neander hamna
på to heilt ulike plassar, den eine i Mexico og den andre i Sovjetunionen.
Kistefjell møtte den eine av desse brørne då han som ung mann gjorde ein liten
gjesteopptreden innan spaghetti-westernfilmindustrien som hadde sin base i
Spania under Franco.
Fløgstad dyttar inn
mykje nyare historie, samt egne erfaringar som sjømann, i denne boka. Fletta
inn i handlinga kjem Fløgstad òg med synspunkt på og tankar rundt den politiske
utviklinga i verda, kommersialiseringa av massemedia, den pågåande økonomiske
krisa, dei store ideologiane på 1900-talet, terroråtaka 22. juli 2011 og mykje
anna. Alt saman gjennom
forteljarpersonen Kjell Kistefjell.
Forteljnga er pakka
inn i ein levande, og til tider intens, nynorsk språkdrakt. Her er det mykje
detaljerte skildringar, ordspel, språklege bilete og tankerekkjer.
'Nordaustpassasjen' er ei spesiell bok, som ein ikkje gløymer
etter å ha lest den.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar