fredag 28. september 2012

Penger


Forfattar: Erling Røed Larsen

Frå Forlaget:
I "Penger" ønsker professor Erling Røed Larsen både å underholde og undervise. Det er en populærvitenskapelig bok om alt som har med penger å gjøre. Den krever ingen forkunnskaper. Han svarer på spørsmål som:

  • Kan Norges Bank bare trykke penger? 
  • Er det oljepengene som gjør at norske priser er så høye? 
  • Hvordan forvalter du dine sparepenger? 
  • Var det penger som skapte finanskrisen - og hvor ble de av? 
  • Hvor lenge har mennesket brukt penger? 
  • Hvordan fungerte pengesystemet da myntene var laget av gull? 
  • Hvordan utvikler valutakurser seg? 
  • Hvorfor koster en Big Mac så mye i noen land og så lite i andre land? 
  • Hvorfor er det arbeidstimene - og ikke oljepengene - som er Norges lommebok?


Erling Røed Larsen er forfattaren som skriv økonomibøker for deg og meg.  Han er professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøyskolen BI, og har mellom anna ein fast spalte i Aftenposten. Han har tidlegare skrive tre bøker som vart veldig populære:  «Alt du vil vite om samfunnsøkonomi – men aldri har våget å spørre om»(2009), «Økonomi på trikken»(2012) og «Finanskrise! Lånefest, boligboble – og dagen derpå» (2009).

Til liks med  Christian Anton Smedshaug si bok «GJELD - hvordan Vesten lurte seg selv» som vi har omtalt tidlegare her på bloggen, er også  «Penger» ei bok som tek føre seg økonomi på ein enkel og lettfatleg måte. Også denne boka går inn for å både underhalde og undervise lesaren.

Pengar er ikkje berre myntane som tyngjer i bukselomma eller blinkar på nettbanken. Det er også politikk og økonomi på nasjonalt og internasjonalt nivå. Dette er vanskelige saker - men mykje lettare å forstå etter å ha lest «Penger» !
Finn boka i websøk

onsdag 26. september 2012

Lån tidsskrift på biblioteket


Stryn bibliotek har ei stor samling med magasin og tidsskrift. Desse kan du låne for ein månad i gongen, med unntak av det nyaste nummeret som det ikkje er utlån på. Vi prøver å ha noko for alle, men vi er alltid opne for nye forslag og tips!


Nokre av magasina de kan finne på biblioteket:
Bonytt
Bryllupsmagasinet
Decormagasinet
Det gode liv
Dine penger
Familien
Foreldre og barn
Fotografi
Gjør det selv
Hagen for alle
Hytteliv
I form
Illustrert vitenskap
Jakt og fiske
Maison interiør
Maison mat og vin
National geographic Norge
Norsk husflid
Norsk militært tidsskrift
Nytt norsk tidsskrift
Strikkemagasin
Symagasin
Time Europe
Vi over 60

I tillegg er desse nye av året:
Autofil (kjem snart)
KK (kjem snart)
Kollektivet (teikneserie)
Levende historie


Dette er dei mest populære tidsskrifta våre, men vi har fleire på biblioteket. Dersom du er nysgjerrig på kva meir vi har, eller har funne deg eit tidsskrift du vil låne er det berre å ta seg ein tur til biblioteket. Då blir vi glade! :) 


Dersom det er eit nytt tidsskrift som de gjerne vil lese så er de veldig velkomne til å ta det med til sofakroken på biblioteket!


tirsdag 18. september 2012

Filmanbefaling

Kompani Orheim

(Foto: Motlys/Norsk Filmdistribusjon)
For ikkje så lenge sidan fekk biblioteket inn filmen Kompani Orheim. Denne norske filmen er den tredje filmen om Jarle Klepp og er basert på romanen med same namn av Tore Renberg.

Filmen byrjar med at Jarle Klepp får ein telefon om at faren hans er død. Etter det vert vi tatt med tilbake til Stavanger i 1985 og livshistoria til den unge Jarle Klepp vert rulla opp, tilbake til den tida då han heitte Jarle Orheim. Filmen viser korleis Jarle opplever å ha ein far som slit med alkoholproblem og korleis dette går utover forholdet både mellom foreldra og ikkje minst mellom Jarle og faren. Sjølv om det er dette som er hovudtemaet i filmen så tek filmen også for seg andre tema, som ungdomsforelsking og Jarle Klepp sitt politiske ungdomsengasjement.

Denne filmen er rørande, litt trist, men har òg morsomme augneblink. "Kompani Orheim" er ein film som ein ikkje gløymer med det første. Skodespelarane i denne filmen gjer ein særs god jobb, spesielt Vebjørn Enger i rolla som den unge Jarle, og Kristoffer Joner i rolla som Jarle sin alkoholiserte far. Filmen er òg eit tidsportrett frå 1980-talet, med mange referansar til populærkultur og historiske hendingar.

Under filmfestivalen i Göteborg vart Kompani Orheim kåra til "beste nordiske film". Under den norske Amanda-prisutdelinga fekk Kristoffer Joner prisen for beste mannlege skodespelar og Cecilie Mosli fekk prisen for beste kvinnelege birolle, begge for rollene sine i "Kompani Orheim". I oktober konkurrerar "Kompani Orheim" om filmprisen til Nordisk råd. Dette er altså ein film som er vel verdt å sjå.

Sjå om den er inne her. 

Om du heller vil lese romanen av Tore Renberg eller høyre den på lydbok kan du også gjere dette.

Finn boka og lydboka i websøk.

tirsdag 11. september 2012

Kom og høyr forteljinga om Hulda Garborg

Onsdag 3. oktober kl. 18 er Stryn bibliotek så heldige å få besøk av forfattar Arnhild Skre og musikar Gro Marie Svidal. Saman skal dei to fortelje historia om Hulda Garborg. Arnhild Skre gjennom kåseri og lysbilete, og Gro Marie Svidal gjennom å spele tradisjonsmusikk knytt til arbeidet til Hulda Garborg.


Hulda Garborg vart født i 1862 i Stange. Ho vart født på ein storgard, men fekk sjølv ikkje oppleve mykje av storgardslivet. Berre eitt år etter at Hulda Garborg vart født måtte faren selje garden og kort tid etterpå skilde foreldra seg. Det var litt av eit statusfall og Hulda Garborg måtte flytte saman med mora i ein liten hybel på Hamar. I 1875 flytta Hulda og mora til Kristiania og tre år etterpå fekk ho seg sin første jobb, som butikkjomfru i forretninga til Mikkel Dobloug .Gjennom Dobloug kom ho i kontakt med Christiania Arbeidersamfund, og det var i dette miljøet ho mellom anna møtte sin framtidige mann Arne Garborg. Dei gifta seg i 1887 og fekk sonen Arne Olaus saman.
Hulda Garborg var ei driftig og allsidig dame. Ho var forfattar (ho gav ut dikt, romanar, skodespel, artiklar og faktabøker), politikar og danselærar. I tillegg var Hulda Garborg ein aktiv samfunnsdebattant og folkeopplysar. Ho engasjerte seg mot imperialismen og barnarbeid, og var ein pioner innanfor målsak, teaterarbeid, kvinnesak og kosthald. Dei fleste kjenner også namnet Hulda Garborg frå arbeidet med bunadar og folkedansen. Ho kjempa for å få bygdebunadane i bruk igjen og gav nytt liv til folkevisedansen.

Det var Hulda Garborg som starta Det norske spellaget som seinare vart gjort om til Det Norske Teatret med ho sjølv som styreformann. I ein kort tale etter den første framsyninga sa Hulda Garborg mellom anna: «Det er ein draum som har hendt i kveld – at me hev opna eit teater med norsk talemål i Kristiania og er komne fraa det med livet(…)» 

Les meir om Hulda Garborg
Arnhild Skre er historikar av utdanning, men mange kjenner ho kanskje også som journalist i NRK, Aftenposten og Dag og tid. I Dag og tid var ho også den første kvinnelege redaktøren.  Biografien hennar om Hulda Garborg har fått strålande kritikkar, og vann Brage-prisen for beste biografi i 2011. Boka Hulda Garborg - Nasjonal strateg kan du låne på biblioteket. Gro Marie Svidal er frå Jølster, utdanna ved Norges Musikkhøgskole og ved Ole Bull-akademiet på Voss, og har halde mange konsertar både i innland og utland.




onsdag 5. september 2012

Stryn bibliotek sin nettkatalog


Det er kanskje ikkje alle brukarar hos Stryn bibliotek som er klar over at ein kan sitte heime i stova si og reservere bøker?
Ved å logge deg inn på Stryn bibliotek sin søkjekatalog på internett kan du sjå kva bøker biblioteket har, og om dei er tilgjengeleg i hyllene eller utlånt. Du kan sjå kva bøker som er nye på biblioteket, både for barn og unge. Og i tillegg kan du sjå kva bøker som nettopp vart levert inn, eller som er utlånt.
Så dersom du ventar på ei spesiell bok eller ein film så er dette ein lur plass å finne ut om den er komme inn, eller kanskje du vert inspirert til å låne noko nytt? På denne sida ligg også kontaktinformasjon til biblioteket, du kan sjå opningstidene våre og du kan sende oss ei melding om du vil det.
I tillegg til alt dette kan du logge deg inn på «Meg & mitt» for å sjå kva lån du sjølv har på biblioteket. Her kan du også sjå når bøkene dine må leverast inn, fornye dei sjølv og reservere andre bøker. Dersom du nettopp har flytta eller endra telefonnummer i det siste kan du også endre personopplysningane dine. For å gjere dette treng du lånenummeret ditt og eit passord. Lånenummeret står på lånekortet, og dersom du ikkje finn det igjen kan du komme innom oss og få vite kva lånenummeret ditt er. Du kan også bruke e-postadresse dersom den er registrert hos oss. Dersom du ikkje har eit passord kan du få det tilsendt på e-posten din.  
Hugs også at du når som helst kan komme innom biblioteket og spørje oss om desse tinga om du heller vil det. Vi synest det er veldig kjekt med besøk!:)