Film

Stålorkideen

I den fransk-britiske filmen 'The Lady'får vi eit glimt av det langvarige og valdelege styret til militærdiktaturet i Burma. Handlinga i Luc Besson sin filmatisering av livet til Aung San Suu Kyi (født i 1945) tek til når faren hennar vert drepen under eit statskupp i 1947, og fram til dei store munkeprotestane i 2007 og tida rett før det vart halde eit val på nokre av parlamentsetene i Burma.

Det er skodespelaren Michelle Yeoh som spelar Aung San Suu Kyi, kvinna som drog tilbake til sitt fødeland og vart leiar for partiet National League for Democracy, og difor etter kvart vert både ein samvitsfange og mottakar av Nobel sin fredspris. Yeoh har tidlegare mellom anna spela i filmen
Snikende Tiger, Skjult Drage (2000).

Aung San Suu Kyi sin far vart drepen då ho var ei lita jente. Etter å ha gifta seg med Michael Aris (spele av David Thewlis), vorte mor til to søner (spele av Jonathan Raggett og Jonathan Woodhouse) og har budd mange år i Storbritannia, kjem Aung San Suu Kyi tilbake til eit Burma kor motstanden mot den regjerande militærjuntaen er aukande. Sentrale opposisjonelle tek kontakt med henne, og ønskjer at ho tar på seg ei leiarrolle i kampen mot militærdiktaturet, på grunn av at faren hennar har heltestatus i store deler av det burmesiske folket.

Ho vert leiar av organisasjonen National League for Democracy, som byggjer sin motstand mot militærdiktaturet i Burma på Gandhi sin modell for ikkje-vald. Av frykt for at Aung San Suu Kyi skal få den same nasjonale heltestatusen som hennar far, vel militærjuntaen å ikkje drepe henne. Aung San Suu Kyi vert i staden for sett under husarrest.

Filmen skil godt korleis Suu Kyi må velje mellom den politiske kampen og det å få vere saman med sin familie, og den smerta som kjem av splittinga av familien, både for Suu Kyi og for dei som held fram med liva sine i England. Alle skodespelarane gjer ein god jobb. Luc Besson teiknar eit truverdig bilete av militærdiktaturet i Burma, og opposisjonen leia av National League for Democracy. I tillegg kan denne filmen by på mykje vakker filming, som mellom anna tar sikte på å syne den spesielle naturen i Burma. For dei som ønskjer å få eit innblikk i livet til Aung San Suu Kyi, så er denne 2 t og 12 min lange filmen absolutt verdt å sjå.

Finn filmen i websøk



Morosam film om piratar

Stryn bibliotek har fått inn animasjonsfilmen 'Piratene!' (2012), ein morosam film frå skaparane av 'Wallace & Gromit'-filmene og 'Flukten fra hønsegården' (2000).

Animatørane frå selskapet Aardman har satt handlinga i denne filmen til 1800-talet. Hovudpersonen er den ikkje særleg vellukka sjørøvarkapteinen Pirate Captain (engelsk røyst: Hugh Grant, norsk røyst: Håvard Bakke), som har eit stort ønskje om å vinne den årlege prisen for «Beste sjørøvar». Han har prøvd å vinne prisen i over 20 år, uten hell.

Denne konkurransen tek Pirate Captain og mannskapet hans ut på ein lang reise, med stadig fleire forviklingar. Charles Darwin, dronning Victoria, ein spesiell fugl og ein apekatt har alle blitt tildelt viktige roller i forteljinga i filmen.

Det morosame filmmanuskriptet er skreve av Gideon Defoe, og det byggjer på boka 'The Pirates! In an Adventure with Scientists '. Denne filmen og forteljinga er god underhaldning, med mange morosame replikkar og ein vellaga animasjon som ser bra ut.

Håvard Bakke, Per Christian Ellefsen, Trond Fausa Aurvåg, Suzanna Paalgard, Lena Meieran, Espen Beranek Holm og Ivar Nørve har gitt sine røyster til den norske versjonen. Dei engelske røystane er ved Hugh Grant, Marin Freeman, Imelda Staunton, David Tennant, Jeremy Piven, Salma Hayek, Lenny Henry, Brian Blessed, Brendan Gleeson, Russel Tovey, Ashley Jensen, Mike Cooper, David Schneider, Tom Doggart, Kayvan Novak, Sophie Jerold, David Schaal, Sophie Lauhgton, Ben Whitehead og Peter Lord.

Det er truleg større barn og vaksne med interesse for animasjon som vil ha størst glede av denne filmen. For dei som forstår engelsk, er det best å sjå denne filmen på originalspråket.


(Foto: Aardman Productions/Sony Pictures/Columbia Pictures)



Filmen er 1 t. 27 min. lang. Originaltittelen er 'The Pirates! Band of Misfits'. Dei som lånar denne filmen får òg med seg kortfilmen 'So, You Want to Be a Pirate!?'.

 

Kompani Orheim


(Foto: Motlys/Norsk Filmdistribusjon)
For ikkje så lenge sidan fekk biblioteket inn filmen Kompani Orheim. Denne norske filmen er den tredje filmen om Jarle Klepp og er basert på romanen med same namn av Tore Renberg.

Filmen byrjar med at Jarle Klepp får ein telefon om at faren hans er død. Etter det vert vi tatt med tilbake til Stavanger i 1985 og livshistoria til den unge Jarle Klepp vert rulla opp, tilbake til den tida då han heitte Jarle Orheim. Filmen viser korleis Jarle opplever å ha ein far som slit med alkoholproblem og korleis dette går utover forholdet både mellom foreldra og ikkje minst mellom Jarle og faren. Sjølv om det er dette som er hovudtemaet i filmen så tek filmen også for seg andre tema, som ungdomsforelsking og Jarle Klepp sitt politiske ungdomsengasjement.

Denne filmen er rørande, litt trist, men har òg morsomme augneblink. "Kompani Orheim" er ein film som ein ikkje gløymer med det første. Skodespelarane i denne filmen gjer ein særs god jobb, spesielt Vebjørn Enger i rolla som den unge Jarle, og Kristoffer Joner i rolla som Jarle sin alkoholiserte far. Filmen er òg eit tidsportrett frå 1980-talet, med mange referansar til populærkultur og historiske hendingar.

Under filmfestivalen i Göteborg vart Kompani Orheim kåra til "beste nordiske film". Under den norske Amanda-prisutdelinga fekk Kristoffer Joner prisen for beste mannlege skodespelar og Cecilie Mosli fekk prisen for beste kvinnelege birolle, begge for rollene sine i "Kompani Orheim". I oktober konkurrerar "Kompani Orheim" om filmprisen til Nordisk råd. Dette er altså ein film som er vel verdt å sjå.

Sjå om den er inne her. 

Om du heller vil lese romanen av Tore Renberg eller høyre den på lydbok kan du også gjere dette.

Finn boka og lydboka i websøk.