fredag 30. november 2012

The Lady

Stålorkideen

 
I den fransk-britiske filmen 'The Lady' får vi eit glimt av det langvarige og valdelege styret til militærdiktaturet i Burma. Handlinga i Luc Besson sin filmatisering av livet til Aung San Suu Kyi (født i 1945) tek til når faren hennar vert drepen under eit statskupp i 1947, og fram til dei store munkeprotestane i 2007 og tida rett før det vart halde eit val på nokre av parlamentsetene i Burma.

 Det er skodespelaren Michelle Yeoh som spelar Aung San Suu Kyi, kvinna som drog tilbake til sitt fødeland og vart leiar for partiet National League for Democracy, og difor etter kvart vert både ein samvitsfange og mottakar av Nobel sin fredspris. Yeoh har tidlegare mellom anna spela i filmen
Snikende Tiger, Skjult Drage (2000).

 Aung San Suu Kyi sin far vart drepen då ho var ei lita jente. Etter å ha gifta seg med Michael Aris (spele av David Thewlis), vorte mor til to søner (spele av Jonathan Raggett og Jonathan Woodhouse) og har budd mange år i Storbritannia, kjem Aung San Suu Kyi tilbake til eit Burma kor motstanden mot den regjerande militærjuntaen er aukande. Sentrale opposisjonelle tek kontakt med henne, og ønskjer at ho tar på seg ei leiarrolle i kampen mot militærdiktaturet, på grunn av at faren hennar har heltestatus i store deler av det burmesiske folket.

Ho vert leiar av organisasjonen National League for Democracy, som byggjer sin motstand mot militærdiktaturet i Burma på Gandhi sin modell for ikkje-vald. Av frykt for at Aung San Suu Kyi skal få den same nasjonale heltestatusen som hennar far, vel militærjuntaen å ikkje drepe henne. Aung San Suu Kyi vert i staden for sett under husarrest.

Filmen skil godt korleis Suu Kyi må velje mellom den politiske kampen og det å få vere saman med sin familie, og den smerta som kjem av splittinga av familien, både for Suu Kyi og for dei som held fram med liva sine i England. Alle skodespelarane gjer ein god jobb. Luc Besson teiknar eit truverdig bilete av militærdiktaturet i Burma, og opposisjonen leia av National League for Democracy. I tillegg kan denne filmen by på mykje vakker filming, som mellom anna tar sikte på å syne den spesielle naturen i Burma. For dei som ønskjer å få eit innblikk i livet til Aung San Suu Kyi, så er denne 2 t og 12 min lange filmen absolutt verdt å sjå.

Finn filmen i websøk

onsdag 21. november 2012

Sterk roman om diktaturet i Argentina


Perla – Carolina de Roberts


Frå forlaget:
En ung argentinsk kvinne gjør en sjokkerende oppdagelse om sin familiebakgrunn ved hjelp av en ubedt gjest. Under Argentinas "skitne krig", som varte fra 1976 til 1983, "forsvant" 30 000 borgere, inkludert rundt 500 gravide kvinner hvis nyfødte barn ble gitt til militære familier. Perla Correa er vokst opp med en iskald mor og en stiv marineoffiser av en far som hun forguder, men hvis yrke bringer skam over familien i tiden etter diktaturet. Da hun får uventet besøk av en fremmed mann, får hun gradvis en forståelse av sin egen rolle i den skitne krigens tragedie.


Carolina de Robertis debuterte med boka Det usynlige fjellet i 2009. Ei bok som låg på bestselgarlistene i fleire land og fekk veldig gode kritikkar. I år kom altså oppfølgjaren, Perla. Dersom ein kan litt om latinamerikansk historie frå før kan ein ane at dette kan bli ei litt vond bok å lese, fordi det hovudpersonen opplever i boka er det mange i Argentina som har opplevd.

Reint litterært er boka veldig godt skriven, men det er først og fremst historia som gjer at eg anbefalar boka. Sjølv om ein anar litt av det som har skjedd i fortida til både Perla og den framande mannen som dukker opp, så er det mange ting som er uavklarte og som ein ønskjer å finne ut meir om. Vi kjem heile tida tilbake til Perla sin oppvekst med ein far som støtta diktaturet og vener som jobba for demokratiet. Møtet med den framande mannen gjer at alt kjem til overflata att. Den framande har også si eiga historie som etterkvart blir avslørt. Personleg synest eg hans bakgrunnshistorie er den mest interessante delen av boka.

Dette er ei bok som både gjer at ein får lyst til å vite meir om argentinsk historie samtidig som ein blir spent på Carolina de Robertis sitt nye bokprosjekt. Det er definitivt verdt å vente på!

tirsdag 13. november 2012

Syndefall

Forfattar: Paal Pettersen

Frå forlaget:
Julen 2010 blir Oslo hjemsøkt av en seriemorder som ikke eksisterer. Etterforskeren Jeremias Jensen blir satt på saken sammen med sin indiske kollega, Dharrie Maharaj. Politiet har få spor å gå etter, men gjerningsmannen har skrevet bibelsitater i blodet på åstedene. Jeremias får hjelp av den gamle psykologiprofessoren Roman Atterdag, en gammel venn av familien. Til tross for advarsler og pålegg fra ledelsen om å ikke samarbeide med Atterdag, som ble sparket ut av politiet på grunn av kriminelle handlinger, klarer Jeremias med hans hjelp å forstå bedre hvem morderen som pressen har kalt ”Mannen med ljåen” er.

Syndefall er ein spanande thriller som godt kan måle seg med populære krim-forfattarar som Jo Nesbø og Jørn Lier Horst. Det er ei bok med grusomme drap og ein del blod, så kanskje ikkje ei bok for mørkredde sjeler. Paal Marius Pettersen er 39 år gammel. Han er lektor og statsviter og underviser i psykologi og kunnskapsteori. Syndefall er debutromanen til Pettersen.

Eit problem med denne boka kan vere at det er såpass kort mellom dødpunkta at det går med mykje tid på lesing. Spanande bøker er vanskeleg å legge i frå seg. Dermed kan det gå ut over freden i heimen...