Skjønnlitteratur

Kulde og varme –fortid og framtid



Romanen 'Nordaustpassasjen', skriven av Kjartan Fløgstad, spenner over eit langt tidsrom og handlinga flytter seg rundt omkring på vår planet, frå nord til sør, og frå aust til vest. Lesaren vert mellom anna teke med til Hillevåg i Stavanger, Dudinka i Sibir, Wroclaw i Polen og Veracruz i Mexico. Med denne romanen vart Fløgstad nominert til Brage-prisen i skjønnlitteratur i år.

Forteljaren, eg-personen i romanen, er forfattaren Kjell Kistefjell som lever i ei nær framtid kor USA har brote saman, delt opp i fleire ulike statar, og Oslo har bytta namn til Thonby. Kistefjell får eit nytt og annleis jobbtilbod som tek han på ei lang reise som endar opp i Mexico.

Kistefjell er oppteken med å finne ut lagnaden til to brør som vart evakuert ut av Spania på slutten av den spanske borgarkrigen. Brørne Augustín og Epifanio Neander hamna på to heilt ulike plassar, den eine i Mexico og den andre i Sovjetunionen. Kistefjell møtte den eine av desse brørne då han som ung mann gjorde ein liten gjesteopptreden innan spaghetti-westernfilmindustrien som hadde sin base i Spania under Franco.

Fløgstad dyttar inn mykje nyare historie, samt egne erfaringar som sjømann, i denne boka. Fletta inn i handlinga kjem Fløgstad òg med synspunkt på og tankar rundt den politiske utviklinga i verda, kommersialiseringa av massemedia, den pågåande økonomiske krisa, dei store ideologiane på 1900-talet, terroråtaka 22. juli 2011 og mykje anna. Alt saman gjennom forteljarpersonen Kjell Kistefjell.

Forteljnga er pakka inn i ein levande, og til tider intens, nynorsk språkdrakt. Her er det mykje detaljerte skildringar, ordspel, språklege bilete og tankerekkjer.

'Nordaustpassasjen' er ei spesiell bok, som ein ikkje gløymer etter å ha lest den.





Perla– Carolina de Roberts


Frå forlaget:
En ung argentinsk kvinne gjør en sjokkerende oppdagelse om sin familiebakgrunn ved hjelp av en ubedt gjest. Under Argentinas "skitne krig", som varte fra 1976 til 1983, "forsvant" 30 000 borgere, inkludert rundt 500 gravide kvinner hvis nyfødte barn ble gitt til militære familier. Perla Correa er vokst opp med en iskald mor og en stiv marineoffiser av en far som hun forguder, men hvis yrke bringer skam over familien i tiden etter diktaturet. Da hun får uventet besøk av en fremmed mann, får hun gradvis en forståelse av sin egen rolle i den skitne krigens tragedie.


Carolina de Robertis debuterte med boka Det usynlige fjellet i 2009. Ei bok som låg på bestselgarlistene i fleire land og fekk veldig gode kritikkar. I år kom altså oppfølgjaren, Perla. Dersom ein kan litt om latinamerikansk historie frå før kan ein ane at dette kan bli ei litt vond bok å lese, fordi det hovudpersonen opplever i boka er det mange i Argentina som har opplevd.

Reint litterært er boka veldig godt skriven, men det er først og fremst historia som gjer at eg anbefalar boka. Sjølv om ein anar litt av det som har skjedd i fortida til både Perla og den framande mannen som dukker opp, så er det mange ting som er uavklarte og som ein ønskjer å finne ut meir om. Vi kjem heile tida tilbake til Perla sin oppvekst med ein far som støtta diktaturet og vener som jobba for demokratiet. Møtet med den framande mannen gjer at alt kjem til overflata att. Den framande har også si eiga historie som etterkvart blir avslørt. Personleg synest eg hans bakgrunnshistorie er den mest interessante delen av boka.

Dette er ei bok som både gjer at ein får lyst til å vite meir om argentinsk historie samtidig som ein blir spent på Carolina de Robertis sitt nye bokprosjekt. Det er definitivt verdt å vente på!





 

Glass og aske

Forfattar: Ann Syrehn Tomasevic

Frå forlaget
Et uforglemmelig portrett av en uvanlig kvinne som overlever tre ekteskap, to verdenskriger, den russiske revolusjonen og det store børskrakket, og som ser fremveksten av et nytt Europa.


Hovudpersonen i boka, Lili, veks opp i det omstridde området Alsace-Lorraine (eller Elsass-Lothringen på tysk). Eit område som har vore tysk og fransk om kvarandre opp gjennom historia, og som har vore årsak til mange konfliktar mellom dei to landa. Oppveksten og bakgrunnen til Lili pregar ho gjennom livet og det er spennande å følgje hennar liv gjennom dei dramatiske hendingane i Europa og Amerika på 1900-talet.

Parallelt med Lili si historie følgjer vi den svenske journalisten Amanda i hennar jakt på kva Lili opplevde. Det er likevel Lili si historie som tek opp klart mest plass i boka, og det er bra, for det er hennar historie som verkeleg gjer at ein har vanskeleg for å leggje denne boka frå seg.

For dei som likar at romanar har eit historisk bakteppe er denne boka å anbefale. Boka er godt skriven, og forfattaren fell aldri for freistinga å overdrive hendingane eller livet til Lili. Forteljinga er sterk nok som den står, og det er tydeleg at forfattaren har brukt mykje tid på å få med seg dei små detaljane om dagleglivet i den historiske tida romanen er lagt til.