fredag 24. januar 2014

Bibliotekåret 2013 del 2

Det er alltid litt spennande på starten av eit nytt år å sjå på statistikken for førre år. Korleis gjekk det med utlånstala? Har besøket gått opp eller ned? Kva er den mest lånte boka? Er det barbiefilmane som var mest utlånt i fjor også? J

Litt oversikt har vi jo. Vi rekna med at Jo Nesbø si bok «Politi» skulle ligge heilt i utlånstoppen og at vi ville finne «Karsten og Petra» bøker der også. Litt overraskingar er det alltid likevel. Men først over til utlånstala, for det er dei vi synest har vore mest stas.
Vi hadde ein mistanke om at utlånet vårt hadde auka i 2013 samanlikna med 2012, men vi hadde ikkje trudd at auken skulle vere så god som den var. I 2013 hadde vi alt i alt 30 480 utlån, av dette var 21 253 bøker. Dette var ei auke på 26 % frå 2012! Dette er inkludert fjernlån av bøker, men ikkje inkludert skulebøkene til vidaregåande som kjem utanom dette. I tillegg såg vi også ein auke på rundt 30 % i besøk innom biblioteket samanlikna med 2012. Dette synest vi er veldig kjekke tal! Det er ekstra kjekt sidan vi veit at vi hadde ei auke i utlånet i 2012 også.

Stryn er ei stor og langstrakt kommune og det er langt til biblioteket for veldig mange. I motsetnad til ein del andre kommunar har ikkje vi lenger filialar og mange får difor ikkje mogelegheita til å gå på biblioteket sjølv om dei skulle ønskje det.  Vi er difor ekstra imponert over at stryningane er så flinke å bruke biblioteket sitt!

Kva var så dei mest populære bøkene og filmane?
Den mest utlånte boka uansett aldersgruppe i fjor var Tor Åge Bringsværd si bok «Karsten og Petra vil lære å svømme». Det var heile tre «Karsten og Petra» bøker inne på topp 10 lista over utlånte bøker i fjor. Så det er tydeleg at Karsten og Petra held seg populært framleis.
Blant vaksenbøkene var det tett kamp mellom Victoria Hislop si bok «Tråden» og Jo Nesbø  si bok «Politi». Jo Nesbø var mest utlånt, men sidan Victoria Hislop si bok vart fornya fleire gongar så vann den ein knapp siger. No skal det seiast at Jo Nesbø si bok ikkje vart gjeva ut før i juni, så den «tapte» eit halvt år i utlån. Andre bøker som var populære var bl.a.: Trude Teige sin krimroman «Svik», Jeff Kinney sine pingles dagbøker, Francesca Simon sine bøker om Rampete Robin og Frid Ingulstad sin romanserie «Sønnavind».   
På filmfronten var det Kon-Tiki som vart mest utlånt, tett følgt av Hotel Transylvania og komedien Ted. Etter desse gjekk det mykje i «Karsten og Petra»  og opptil fleire Barbie-filmar.
Vi er veldig glad for at biblioteket er så populært og vil gjere vårt beste for at det skal halde seg slik. Men vi veit også at vi ikkje kan forvente slike tal kvart år og vi er veldig glad så lenge folk er nøgde med tilbodet. Vi veit at det er mange ting vi kan bli betre på, og det satsar vi på at vi skal bli også J


5 på topp

Skjønnlitteratur barn og ungdom
 
 
 
1.       Karsten og Petra vil lære å svømme av Tor Åge Bringsværd
2.       Karsten og Petra kjører brannbil av Tor Åge Bringsværd
3.       Søppelmysteriet av Unni Rom  Stueland
4.       En pingles dagbok 3: Siste stikk av Jeff Kinney
5.       Karsten og Petra på teater av Tor Åge Bringsværd
Faglitteratur barn og ungdom
 
 
 
 
1.       Elefant av Meredith Costain
2.       Gorilla av Meredith Costain
3.       Min første sykkel av Susanne Szesny
4.       Barnehagen min av Doris Rübel
5.       Kroppen vår av Doris Rübel
Lydbøker og digikort barn og ungdom
1.       Søppelmysteriet/Forsvunnet i venneskogen (Vennebyen)
2.       Doktor Proktors tidsbadekar av Jo Nesbø
3.       Doktor Proktors prompepulver av Jo Nesbø
4.       Folk og Røvere i Kardemomme by av Thorbjørn Egner
5.       Rampete Robin og zombie-vampyren av Francesca Robin
 
 
Spel
 
 
1.       Kaptein Sabeltann og ildprøvene
2.       Flåklypa Grand Prix
3.       Josefine og drømmespeilet
4.       Vinter i blåfjell
5.       Knerten gifter seg
 
Film barn og ungdom
1.       Hotel Transylvania
2.       Karsten + Petra
3.       Barbie i et havfrueeventyr
4.       Barbie & diamantslottet
5.       Madagaskar 3: Full rulle i Europa


Skjønnlitteratur vaksne
1.       Tråden av Victoria Hislop
2.       Politi av Jo Nesbø
3.       Svik av Trude Teige
4.       Dona Maria av Cecilia Samartin
5.       Sønnavind nr. 58: Troløs av Frid Ingulstad
Faglitteratur vaksne
 
1.       Oppdrag mottro av Linda Eide
2.       Regines bok av Regine Stokke
3.       Jeg tenker nok du skjønner det sjølv: historien om Christoffer av Jon Gangdal
4.       Nord-Korea: ni år på flukt fra helvete av Eunsun Kim.
5.       Veien til førerkortet av Dagfinn Moe.
Lydbøker  og digikort vaksne
1.       Dona Maria av Cecilia Samartin
2.       Politi av Jo Nesbø
3.       Flink pike av Gillian Flynn
4.       Svik av Trude Teige
5.       Tråden av Victoria Hislop
 
 
Film vaksne
1.       Kon Tiki
2.       Ted
3.       Hobbiten
4.       The Hunger Games
5.       Hope Springs
 
Tidsskrift
1.       KK
2.       I form
3.       Bonytt
4.       Maison interiør
5.       Familien
 
 
 

 

torsdag 23. januar 2014

Bibliotekåret 2013

Vi er allereie komme eit stykke på veg i 2014 og det er difor kjekt å kunne sjå litt tilbake på bibliotekåret 2013. Samarbeid har vore stikkordet for bibliotekåret 2013. Det har blitt eit tettare samarbeid mellom biblioteka i fylket, starta av fylkesbiblioteket sitt prosjekt «Saman for framtida».  Vi har byrja på eit mykje tettare samarbeid med dei andre Nordfjord-biblioteka som vi håpar skal slå positivt ut for alle partar. Vi på Stryn bibliotek har også fått eit tettare samarbeid med lag og organisasjonar i kommunen og med barnehagar og skular. Det har vore veldig positivt og utviklande for biblioteket.

Nasjonalt skjedde det mykje i 2013. Norsk bibliotekforening (NBF)  feira 100 år og folkebiblioteka fekk ein ny formålsparagraf. Det heile vart toppa av at folkebiblioteka fekk Brageprisen sin heiderspris. Vi er så ubeskjedne at vi meiner det absolutt var fortent! J

For oss på biblioteket var det mykje å glede seg over i 2013. Det aller beste var å få besøk av publikum. Gjennom eit heilt år har det vore berre blide ansikt å sjå på biblioteket. Til og med når vi gjer feil, for det skjer jo inni mellom, så er det absolutt ingen som blir sinte. Det gjer oss glade! J

Vi prøvde oss fram med litt fleire arrangement enn før dette året. Det har vore veldig spennande. Spesielt sidan ein aldri veit om det er noko folk vil komme på. Men stryningane har ikkje svikta oss. Vi har vore veldig godt nøgde med oppslutnaden på alle arrangementa.

Så kva har vi gjort i 2013?

·         I februar markerte vi den internasjonale morsmålsdagen saman med barnehagane i kommunen med song og høgtlesing. «Den lille larven aldri mett» vart lest på forskjellige språk til stor glede for dei 25-30 deltakarane, både store og små. Vi gler oss til å arrangere ein ny morsmålsdag i år også, så det er berre å sette av 21. februar i kalenderen!

·         I april hadde vi barneteater: 60 stk. fekk gleda av å sjå «Ulla krulle og den forsvunne kosesauen Bæ-bæ». Eit veldig bra teater som vi trur alle likte godt.

·         I mai hadde kulturskulen minikonsert for rundt 30 publikum. Ein ny kulturskulekonsert er allereie på programmet 10. mai i år, så det er berre å byrje å glede seg.

·         Vi prøvde for første gong å arrangere «Sommarles». Mange andre bibliotek i landet har hatt stor suksess med det før og no ville vi også prøve. Det freista  absolutt til gjentaking J 56 unge og ivrige deltakarar deltok og las i alt 70 000 sider! På sommarlesfesten i september møtte det opp endå fleire. Vi var om lag 80 stk. som feira ilag med ordførar, skule-og kultursjef og ikkje minst Georg Lipai! Tusen takk til sponsoarane våre: Sparebanken Sogn og Fjordane, Det Norske Samlaget og Stryn kulturhus og kino!

·         Kvart år i september er det oktoberfest i Stryn. Vi prøvde å henge oss litt på med å spandere pølse og lompe til alle gjestane våre på torsdagskvelden. Veldig kjekt!

·         I oktober fekk vi besøk av ordføraren. På den nye langopekvelden vår på torsdagar  var han tilgjengeleg for alle som ville slå av ein prat. Dette var så positivt at vi gjentok suksessen nokre veker seinare og satsar på å halde fram med jamne mellomrom i 2014 også.

·         Den 31. oktober var det tid for Halloween på biblioteket. Vi «kledde oss ut» og arrangerte Halloween-løype. Morsomt til og med for bibliotekarar J

·         Kvart år i november er det kulturnatt i alle kommunane i Nordfjord. På biblioteket i år kom Anny Berge Alsaker for å presentere og selje boka si «Nordfjorddiktaren Amund Mork og samtida hans». Vi hadde også besøk av historielaget som solgte årboka si. Begge bøkene er absolutt å anbefale. Kvelden vart toppa av konsert på biblioteket med DamJam kl. 22!

·         I slutten av november arrangerte vi den første av det vi håpar blir fleire lokalhistoriske kveldar saman med historielaget. Arnold Nesje kåserte og Svein Nesje spelte fele. Oppslutnaden var over all forventning med over 50 stk. i publikum.

Utanom dette har vi sjølvsagt hatt fleire utstillingar gjennom året. Vi har markert 250-års jubileet til fylket, kvinnene sin stemmerett, Munch-jubileet, krigsutstilling med bomba som øydela kommunehuset under krigen osv. osv. . ..Utstilling er noko av det kjekkaste vi veit! Og vi må understreke at de må ikkje vere redde for å ta va bøkene vi stiller ut. Det er difor vi har dei der. J

Noko av det vi var mest spent på i år var korleis dei nye opningstidene våre ville bli tatt imot. Vi gjekk bort i frå å ha ope til kl. 17 og 18 på kvardagane og stengde heller kl. 16 på alle dagar utanom torsdagane  då vi har langope til kl. 20. Dette hadde samanheng med lite besøk etter kl. 16 og eit håp om å gjere noko meir ut av torsdagskveldane våre. Det ser ut til å ha gått veldig fint. Vi har fått gode tilbakemeldingar og besøket har i alle fall ikkje gått ned.
Vi ser veldig fram til det nye året. I 2014 kjem e-bøker til biblioteket. Stryn er med på eit samarbeid med fylkesbiblioteket og dei andre biblioteka i fylket om å starte opp med e-bøker allereie i vår. Underteikna skal ut i permisjon og det kjem inn ein veldig flink ny biblioteksjef som kjem til å komme med mange nye idear som bibliotekbrukarane i Stryn vil få stor glede av. Forfattar og historikar Hans Olav Lahlum kjem på besøk til oss i månadsskiftet mars/april, vi skal arrangere morsmålsdag og sommarles, vi skal feire Grunnlova og Alf Prøysen og mykje meir. Det blir eit fantastisk år!

tirsdag 14. januar 2014

Fotballarrangement på biblioteket

Fotball – lidenskap eller galskap?

Ragnhild Lund Ansnes har gått frå å hate fotball til å bli første kvinne i verda til å skrive offisielle klubb-bøker i erkekonservative Premier League.
No brukar ho sine erfaringar frå å ha forska på fotballkulturen og det å ha skrive to bøker om Liverpool FC til å motivere ungdomsskuleelevar og folk flest til å følgje draumane sine, til å snakke om viktige sider av det å vere menneske og til å gje eit annleis blikk på kva fotball gjer med folk.
Det starta som ein radiodokumentar for NRK P2 («Du vil aldri gå alene») i 2008 der Ragnhild ønska å finne svar på kvifor hundretusenar av nordmenn er hekta på engelsk fotball og kva fotballen gjer for fansen. Dokumentaren blei den mest høyrde av alle dokumentarar det året. Programskaparen sat med mange hundre upubliserte, sterke historier frå norske Liverpool-fans. Med hjelp av professor i psykologi, Arne Vikan, skreiv ho bestseljaren «Liverpoolhjerter» i 2010.
Det er funn frå denne boka og oppfølgjaren «Liverpoolhelter» (offisiell LFC-bok om korleis det er å vere mennesket bak spelaren i internasjonal toppfotball) samt Lund Ansnes sine fem år på innsida av Liverpool FC som ligg til grunn for ein landsomfattande turne for den kulturelle skulesekken. Ragnhild Lund Ansnes har no sagt opp jobben i NRK P1 for å jobbe heiltid med fotball! 
Tysdag 28. januar  kl. 19. kjem forfattaren på besøk til Stryn bibliotek.  Biblioteksbesøket i Stryn er i samarbeid med Stryn Fotball og er ope for alle. Gratis inngang.
Ein må absolutt ikkje vere Liverpool-supportar for å komme eller spesielt interessert i fotball for den del. I følgje Ragnhild Lund Ansnes sjølv kan det vere like interessant for dei som står litt på utsida, men som kanskje er mor, far, tante, dotter, gift med etc. ein lidenskapeleg fotballsupportar.
Bloggen til Ragnhild Lund Ansnes http://liverpoolhjerter.no blir lesen i 41 land.