tirsdag 18. september 2012

Filmanbefaling

Kompani Orheim

(Foto: Motlys/Norsk Filmdistribusjon)
For ikkje så lenge sidan fekk biblioteket inn filmen Kompani Orheim. Denne norske filmen er den tredje filmen om Jarle Klepp og er basert på romanen med same namn av Tore Renberg.

Filmen byrjar med at Jarle Klepp får ein telefon om at faren hans er død. Etter det vert vi tatt med tilbake til Stavanger i 1985 og livshistoria til den unge Jarle Klepp vert rulla opp, tilbake til den tida då han heitte Jarle Orheim. Filmen viser korleis Jarle opplever å ha ein far som slit med alkoholproblem og korleis dette går utover forholdet både mellom foreldra og ikkje minst mellom Jarle og faren. Sjølv om det er dette som er hovudtemaet i filmen så tek filmen også for seg andre tema, som ungdomsforelsking og Jarle Klepp sitt politiske ungdomsengasjement.

Denne filmen er rørande, litt trist, men har òg morsomme augneblink. "Kompani Orheim" er ein film som ein ikkje gløymer med det første. Skodespelarane i denne filmen gjer ein særs god jobb, spesielt Vebjørn Enger i rolla som den unge Jarle, og Kristoffer Joner i rolla som Jarle sin alkoholiserte far. Filmen er òg eit tidsportrett frå 1980-talet, med mange referansar til populærkultur og historiske hendingar.

Under filmfestivalen i Göteborg vart Kompani Orheim kåra til "beste nordiske film". Under den norske Amanda-prisutdelinga fekk Kristoffer Joner prisen for beste mannlege skodespelar og Cecilie Mosli fekk prisen for beste kvinnelege birolle, begge for rollene sine i "Kompani Orheim". I oktober konkurrerar "Kompani Orheim" om filmprisen til Nordisk råd. Dette er altså ein film som er vel verdt å sjå.

Sjå om den er inne her. 

Om du heller vil lese romanen av Tore Renberg eller høyre den på lydbok kan du også gjere dette.

Finn boka og lydboka i websøk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar