mandag 1. oktober 2012

Morosam film om piratar!

Stryn bibliotek har fått inn animasjonsfilmen 'Piratene!' (2012), ein morosam film frå skaparane av 'Wallace & Gromit'-filmene og 'Flukten fra hønsegården' (2000).

Animatørane frå selskapet Aardman har satt handlinga i denne filmen til 1800-talet. Hovudpersonen er den ikkje særleg vellukka sjørøvarkapteinen Pirate Captain (engelsk røyst: Hugh Grant, norsk røyst: Håvard Bakke), som har eit stort ønskje om å vinne den årlege prisen for «Beste sjørøvar». Han har prøvd å vinne prisen i over 20 år, uten hell.

Denne konkurransen tek Pirate Captain og mannskapet hans ut på ein lang reise, med stadig fleire forviklingar. Charles Darwin, dronning Victoria, ein spesiell fugl og ein apekatt har alle blitt tildelt viktige roller i forteljinga i filmen.

Det morosame filmmanuskriptet er skreve av Gideon Defoe, og det byggjer på boka 'The Pirates! In an Adventure with Scientists '. Denne filmen og forteljinga er god underhaldning, med mange morosame replikkar og ein vellaga animasjon som ser bra ut.

Håvard Bakke, Per Christian Ellefsen, Trond Fausa Aurvåg, Suzanna Paalgard, Lena Meieran, Espen Beranek Holm og Ivar Nørve har gitt sine røyster til den norske versjonen. Dei engelske røystane er ved Hugh Grant, Marin Freeman, Imelda Staunton, David Tennant, Jeremy Piven, Salma Hayek, Lenny Henry, Brian Blessed, Brendan Gleeson, Russel Tovey, Ashley Jensen, Mike Cooper,  David Schneider, Tom Doggart, Kayvan Novak, Sophie Jerold, David Schaal, Sophie Lauhgton, Ben Whitehead og Peter Lord.

Det er truleg større barn og vaksne med interesse for animasjon som vil ha størst glede av denne filmen. For dei som forstår engelsk, er det best å sjå denne filmen på originalspråket.


(Foto: Aardman Productions/Sony Pictures/Columbia Pictures)


Filmen er 1 t. 27 min. lang. Originaltittelen er 'The Pirates! Band of Misfits'. Dei som lånar denne filmen får òg med seg kortfilmen 'So, You Want to Be a Pirate!?'.

Sjå om filmen er inne

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar