fredag 30. november 2012

The Lady

Stålorkideen

 
I den fransk-britiske filmen 'The Lady' får vi eit glimt av det langvarige og valdelege styret til militærdiktaturet i Burma. Handlinga i Luc Besson sin filmatisering av livet til Aung San Suu Kyi (født i 1945) tek til når faren hennar vert drepen under eit statskupp i 1947, og fram til dei store munkeprotestane i 2007 og tida rett før det vart halde eit val på nokre av parlamentsetene i Burma.

 Det er skodespelaren Michelle Yeoh som spelar Aung San Suu Kyi, kvinna som drog tilbake til sitt fødeland og vart leiar for partiet National League for Democracy, og difor etter kvart vert både ein samvitsfange og mottakar av Nobel sin fredspris. Yeoh har tidlegare mellom anna spela i filmen
Snikende Tiger, Skjult Drage (2000).

 Aung San Suu Kyi sin far vart drepen då ho var ei lita jente. Etter å ha gifta seg med Michael Aris (spele av David Thewlis), vorte mor til to søner (spele av Jonathan Raggett og Jonathan Woodhouse) og har budd mange år i Storbritannia, kjem Aung San Suu Kyi tilbake til eit Burma kor motstanden mot den regjerande militærjuntaen er aukande. Sentrale opposisjonelle tek kontakt med henne, og ønskjer at ho tar på seg ei leiarrolle i kampen mot militærdiktaturet, på grunn av at faren hennar har heltestatus i store deler av det burmesiske folket.

Ho vert leiar av organisasjonen National League for Democracy, som byggjer sin motstand mot militærdiktaturet i Burma på Gandhi sin modell for ikkje-vald. Av frykt for at Aung San Suu Kyi skal få den same nasjonale heltestatusen som hennar far, vel militærjuntaen å ikkje drepe henne. Aung San Suu Kyi vert i staden for sett under husarrest.

Filmen skil godt korleis Suu Kyi må velje mellom den politiske kampen og det å få vere saman med sin familie, og den smerta som kjem av splittinga av familien, både for Suu Kyi og for dei som held fram med liva sine i England. Alle skodespelarane gjer ein god jobb. Luc Besson teiknar eit truverdig bilete av militærdiktaturet i Burma, og opposisjonen leia av National League for Democracy. I tillegg kan denne filmen by på mykje vakker filming, som mellom anna tar sikte på å syne den spesielle naturen i Burma. For dei som ønskjer å få eit innblikk i livet til Aung San Suu Kyi, så er denne 2 t og 12 min lange filmen absolutt verdt å sjå.

Finn filmen i websøk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar