tirsdag 8. januar 2013

Godt nytt leseår!

Vi vil ønskje alle lesarar og brukarar av biblioteket eit riktig godt nytt år! Vi håpar mange har som nyttårsforsett at dei skal lese litt meir dette året og at mange av dykk vil komme innom biblioteket for å låne noko nytt og spennande :)

Det har vore eit veldig kjekt første halvår for ein heilt fersk biblioteksjef med mykje nytt å sette seg inn i. Dette året vert sikkert ikkje noko annleis, og det er mykje å sjå fram til og lære også no.

I haust var vi så heldige å få besøk av Arnhild Skre og Gro Marie Svidal som underheldt oss med kåseri, lydbildeshow og flott musikk for å heidre Hulda Garborg. Vi har også feira Teddybjørnens dag og vore med å arrangere Kulturnatta 9. nov. Det var veldig kjekt å sjå at det kom mange folk på alle arrangementa, spesielt for dei flinke aktørane våre som gjorde ein fantastisk fin innsats. Det gjer at vi gleder oss til å prøve å få til ein del arrangement utover våren også!

Snart skal vi til på ei ny stor kassering av bøker. Før jul rydda vi opp og kasserte mange gamle bøker som ikkje lenger var aktuelle eller knapt lånt ut. Alt i alt kasserte vi nærare 3000 bøker og videoar. Mykje av det vart kjøpt av dei som besøkte oss på den store bokloppemarknaden i samband med Kulturnatta, og utover november månad. No skal vi snart til på ei ny kasseringsrunde. Medan det var barne- og ungdomsbøker, krim og mykje faglitteratur som vart kassert i førre omgang skal vi no til på resten av faglitteraturen, dvs. mykje historiebøker og biografiar, og skjønnlitteratur for vaksne. Vi gleder oss til å komme i gang og få meir plass til å stille ut dei fine bøkene vi har og til all den nye litteraturen som kjem inn kvar veke. Og så håpar vi at den neste bokloppemarknaden vert like populær blant folk slik at det vert ein vinn-vinn situasjon! :)

I året som gjekk opplevde vi ein liten oppgang i utlån av bøker og ein litt større oppgang i utlån av andre medier. Det synest vi er veldig kjekt og vi håpar at dette held fram i 2013. Men det føreset sjølvsagt at vi klarer å lokke dykk alle til å komme innom biblioteket for å låne og sjå kva vi har. Vi vil gjere vårt beste!

Nokre bøker vart meir lånt ut enn andre, og på biblioteket har vi no laga til ei lita utstilling av dei bøkene, dvd-ane og lydbøkene som vart mest lånt ut i 2012. Statistikken lyg ikkje, men det er sjølvsagt viktig å hugse på at ei bok som kom i januar 2012 eller t.om. i november 2011 har mykje meir tid på seg til å bli lånt ut enn ei bok som ikkje kom før i oktober 2012. Statistikk er uansett kjekt!


5 på topp

 

Skjønnlitteratur barn og ungdom
1.      Bringsværd, Tor Åge: Karsten og Petra vil lære å svømme
2.      Rowling, J.K.: Harry Potter og de vises stein
3.      Bringsværd, Tor Åge: Karsten og Petra kjører brannbil
4.      Stueland, Unni R.: Søppelmysteriet
5.      Grossmann, Kari: Lillesøster i butikken
 
Faglitteratur barn og ungdom
1.      Caldwell, S.A: Dragenes verden: dragerikets hemmeligheter
2.      Brooks, Felicity: Min første bok om farger
3.      Nyhus, Egil: Kaptein sabeltann og heksegryta
4.      Asbjørnsen, P. Chr: Mine første eventyr
5.      Bli kjent med livet på gården
 
Lydbøker barn og ungdom
1.      Rowling, J.K. : Harry Potter og mysteriekammeret
2.      Parr, Maria: Vaffelhjarte
3.      Meyer, Stepheie: Ved daggry
4.      Keene, Caroline: Turbulens
5.      Keene, Caroline:  Falske toner
Spel
1.      Ungene i gata & Rocke Ragnar
2.      Knertenspillet: spill og lek med Lillebror og Knerten!
3.      Ungene i gata
4.      Kaptein Sabeltann: Grusomme Gabriels forbannelse
5.      Henge & Bia
 
 
Skjønnlitteratur vaksne
1.      Nesbø, Jo: Gjenferd
2.      Rosnay, Tatiana: Saras nøkkel
3.      Hislop, Victoria: Øya
4.      Samartin, Cecilia: La Peregrina
5.      Samartin, Cecilia: Mofongo
 
Faglitteratur vaksne
1.      Hatledal, Kristin: Kvinnekamp. Historia om norske motstandskvinner
2.      Gangdal, Jon: Jeg tenker nok du skjønner det sjøl. Historien om Christoffer
3.      Myklebust, Gunnar: Tungtvannssabotøren: Joachim H. Rønneberg, Lingekar og fjellmann
4.      Mytting, Lars: Hel ved: alt om hogging, stabling og tørking og- vedfyringens sjel
5.      Corwin, Gunnhild: Idas dans: en mors beretning.
 
Lydbøker vaksne
1.      Webb, Katherine: Arven
2.      Lansens, Lori: Reisen hjem
3.      Riley, Lucinda: Orkideens hemmelighet
4.      Mehlum, Jan: Straffen
5.      Egeland, Tom: Nostradamus’ testamente
 
Film vaksne
1.      Barnepiken
2.      Kong Curling
3.      Bridesmaids
4.      Trolljegeren
5.      Hodejegerne
 
Tidsskrift
1.      I form
2.      Bonytt
3.      Maison interiør
4.      Familien
5.      Foreldre og barn
 
 


 

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar