Ein kort presentasjon:
Arvesynd
Forfattar: Anne Lise Boge
Forfattar: Merete Lien
Jomfruland 1790. Den 17 år gamle Agnethe bur på vakre
Jomfruland med det ville havet rett utanfor døra. Ho elskar øya, men mest av
alt elskar ho Johannes. På grunn av vondt blod mellom familiane er det
vanskeleg med kjærleiken. Samtidig blir ho forvirra av den mørkhåra mannen som
heile tida dukkar opp i draumane hennar.
Folket på Lindstad
Forfattar: Rune Angell-JacobsenSør-Trøndelag på midten av 1800-talet. Victoria Lindstad er arving til storgarden Lindstad. På garden jobbar Jacob som Victoria vil gifte seg med. Dette fell ikkje i god jord hos faren, men Victoria vil kjempe for kjærleiken.
Fossefall
Forfattar: Jorunn JohansenFinnskogen 1874. Bondedottera Amalie har forelska seg i skogfinnen Mitti, men ho er redd for kva foreldra vil seie når dei finn ut at ho er kjæraste med ein finnegut. Amalie slit også med minner frå då ho var lita jente. Ho var vitne til at ein mann kasta ei kvinne i fossen. Kven var kvinna? Vart ho drepen? Og er den som drap ho framleis i området?
Hannah
Forfattar: Laila BrendenHemsedal 1826. Hannah er godseigardotter frå Danmark, men har slått seg ned saman med ektemannen Engebret på garden Rudningen i Hemsesal. Ein dag ho er aleine heime er det storm og i stormen dukkar det opp ein mystisk framand mann med intense blå auge.
Havets datter
Forfattar: Trine AngelsenLofoten 1870. Elisabeth er seksten år og skal byrje å arbeide på storgarden Dalsrud. Ho har aldri vore borte frå barndomsheimen før og gler seg til å prøve noko nytt. Samtidig har ho ei vond kjensle i kroppen av at ikkje alt blir like enkelt.
Ingebjørg Olavsdatter
Forfattar: Frid Ingulstad
Livets lenker
Forfattar: Christin Grilstad PrøisGudbrandsdalen 1850-åra. 18 år gamle Elen veks opp lukkeleg på fjellgarden Heimsett. Familien har aldri hatt god råd, men det Elen ikkje veit er at faren har sett dei i stor gjeld. Doktoren i bygda tilbyr seg å redde garden frå tvangssal, men han har eitt krav. Han vil ha Elen som brud.
Livsarven
Forfattar: Ann-Christin GjersøeVestfold i 1880-åra. Dei to søstrene Abelone og Ellen veks opp på garden Gimle med ein far som er klokkestøypar. Dei er nært knytt til kvarandre og kusina Blanche som bur i Tønsberg. Som døtrer i velståande familiar får dei tre jentene oppleve at det ikkje er alt dei får bestemme sjølv, også kven dei skal gifte seg med.
Morsarven
Forfattar: Anne Lise Boge
Nordlysets døtre
Forfattar: Ellinor RafaelsenMo i Rana 1905. Kaja veks opp på eit småbruk litt utanfor Mo. Ho forelskar seg i rallaren Gustav som er komme til Mo i Rana for å få arbeid ved det store jernverket som er under oppføring der. Ho rømmer med han til Mo, men der skal det vise seg at skjebnen har andre ting som ventar ho.
Rosehagen
Forfattar: Merete LienBergen og Kragerø på slutten av 1880-talet. Emily bur i Bergen saman med mora. Ho har hukommelsestap og hugsar ikkje noko frå tida før ho var ti år gamal. Ein dag oppdagar ho at livet ho har levd har vore basert på løgn.

Storgårdsfolk
Forfattar: Eva J. StensrudHedemarken 1810. Johanna er odelsjente på storgarden Store Guldberg. Ho er ikkje redd for å seie si meining og tek alltid dei svakaste sitt parti. Ho er trulova med naboguten, men er usikker på om han er det rette valet. Samtidig dukkar det opp fleire hemmelegheiter som ho må hanskast med.
Sønnavind
Forfattar: Frid IngulstadOslo 1905. Elise er 18 år og arbeider på eit spinneri ved Akerselva. Saman med veslesøstera forsørgjar ho familien på seks. Mora er sjuk og faren drikk. Elise er kjæraste med naboguten Johan som ho har vore ven med sidan barndomen. Ein kald januardag finn Elise ein gjenstand i snøen. Denne skal få dramatiske følgjer for henne og Johan sitt liv.
Teppefall
Forfattar: Kamilla Mathisen og Gro GravemNordland/Oslo notid. Andrea drøymer om å bli skodespelar. På trass av at mora er sterkt imot det dreg ho til Oslo for å prøve lukka. Der får ho nye vener og møter draumemannen. Men snart merker Andrea at det er noko som ikkje stemmer.
Thea
Forfattar: Trine AngelsenLofoten 1910. Kjøpmannsdottera Thea skil seg ut i den lille bygda i Lofoten. Ho er vakker og har sterke meiningar, og sjølv om det er mange som er forelska i ho har ho ingen planer om å bli saman med nokon av dei. Ikkje før besteveninna sin fetter vender tilbake frå Amerika…
