torsdag 23. januar 2014

Bibliotekåret 2013

Vi er allereie komme eit stykke på veg i 2014 og det er difor kjekt å kunne sjå litt tilbake på bibliotekåret 2013. Samarbeid har vore stikkordet for bibliotekåret 2013. Det har blitt eit tettare samarbeid mellom biblioteka i fylket, starta av fylkesbiblioteket sitt prosjekt «Saman for framtida».  Vi har byrja på eit mykje tettare samarbeid med dei andre Nordfjord-biblioteka som vi håpar skal slå positivt ut for alle partar. Vi på Stryn bibliotek har også fått eit tettare samarbeid med lag og organisasjonar i kommunen og med barnehagar og skular. Det har vore veldig positivt og utviklande for biblioteket.

Nasjonalt skjedde det mykje i 2013. Norsk bibliotekforening (NBF)  feira 100 år og folkebiblioteka fekk ein ny formålsparagraf. Det heile vart toppa av at folkebiblioteka fekk Brageprisen sin heiderspris. Vi er så ubeskjedne at vi meiner det absolutt var fortent! J

For oss på biblioteket var det mykje å glede seg over i 2013. Det aller beste var å få besøk av publikum. Gjennom eit heilt år har det vore berre blide ansikt å sjå på biblioteket. Til og med når vi gjer feil, for det skjer jo inni mellom, så er det absolutt ingen som blir sinte. Det gjer oss glade! J

Vi prøvde oss fram med litt fleire arrangement enn før dette året. Det har vore veldig spennande. Spesielt sidan ein aldri veit om det er noko folk vil komme på. Men stryningane har ikkje svikta oss. Vi har vore veldig godt nøgde med oppslutnaden på alle arrangementa.

Så kva har vi gjort i 2013?

·         I februar markerte vi den internasjonale morsmålsdagen saman med barnehagane i kommunen med song og høgtlesing. «Den lille larven aldri mett» vart lest på forskjellige språk til stor glede for dei 25-30 deltakarane, både store og små. Vi gler oss til å arrangere ein ny morsmålsdag i år også, så det er berre å sette av 21. februar i kalenderen!

·         I april hadde vi barneteater: 60 stk. fekk gleda av å sjå «Ulla krulle og den forsvunne kosesauen Bæ-bæ». Eit veldig bra teater som vi trur alle likte godt.

·         I mai hadde kulturskulen minikonsert for rundt 30 publikum. Ein ny kulturskulekonsert er allereie på programmet 10. mai i år, så det er berre å byrje å glede seg.

·         Vi prøvde for første gong å arrangere «Sommarles». Mange andre bibliotek i landet har hatt stor suksess med det før og no ville vi også prøve. Det freista  absolutt til gjentaking J 56 unge og ivrige deltakarar deltok og las i alt 70 000 sider! På sommarlesfesten i september møtte det opp endå fleire. Vi var om lag 80 stk. som feira ilag med ordførar, skule-og kultursjef og ikkje minst Georg Lipai! Tusen takk til sponsoarane våre: Sparebanken Sogn og Fjordane, Det Norske Samlaget og Stryn kulturhus og kino!

·         Kvart år i september er det oktoberfest i Stryn. Vi prøvde å henge oss litt på med å spandere pølse og lompe til alle gjestane våre på torsdagskvelden. Veldig kjekt!

·         I oktober fekk vi besøk av ordføraren. På den nye langopekvelden vår på torsdagar  var han tilgjengeleg for alle som ville slå av ein prat. Dette var så positivt at vi gjentok suksessen nokre veker seinare og satsar på å halde fram med jamne mellomrom i 2014 også.

·         Den 31. oktober var det tid for Halloween på biblioteket. Vi «kledde oss ut» og arrangerte Halloween-løype. Morsomt til og med for bibliotekarar J

·         Kvart år i november er det kulturnatt i alle kommunane i Nordfjord. På biblioteket i år kom Anny Berge Alsaker for å presentere og selje boka si «Nordfjorddiktaren Amund Mork og samtida hans». Vi hadde også besøk av historielaget som solgte årboka si. Begge bøkene er absolutt å anbefale. Kvelden vart toppa av konsert på biblioteket med DamJam kl. 22!

·         I slutten av november arrangerte vi den første av det vi håpar blir fleire lokalhistoriske kveldar saman med historielaget. Arnold Nesje kåserte og Svein Nesje spelte fele. Oppslutnaden var over all forventning med over 50 stk. i publikum.

Utanom dette har vi sjølvsagt hatt fleire utstillingar gjennom året. Vi har markert 250-års jubileet til fylket, kvinnene sin stemmerett, Munch-jubileet, krigsutstilling med bomba som øydela kommunehuset under krigen osv. osv. . ..Utstilling er noko av det kjekkaste vi veit! Og vi må understreke at de må ikkje vere redde for å ta va bøkene vi stiller ut. Det er difor vi har dei der. J

Noko av det vi var mest spent på i år var korleis dei nye opningstidene våre ville bli tatt imot. Vi gjekk bort i frå å ha ope til kl. 17 og 18 på kvardagane og stengde heller kl. 16 på alle dagar utanom torsdagane  då vi har langope til kl. 20. Dette hadde samanheng med lite besøk etter kl. 16 og eit håp om å gjere noko meir ut av torsdagskveldane våre. Det ser ut til å ha gått veldig fint. Vi har fått gode tilbakemeldingar og besøket har i alle fall ikkje gått ned.
Vi ser veldig fram til det nye året. I 2014 kjem e-bøker til biblioteket. Stryn er med på eit samarbeid med fylkesbiblioteket og dei andre biblioteka i fylket om å starte opp med e-bøker allereie i vår. Underteikna skal ut i permisjon og det kjem inn ein veldig flink ny biblioteksjef som kjem til å komme med mange nye idear som bibliotekbrukarane i Stryn vil få stor glede av. Forfattar og historikar Hans Olav Lahlum kjem på besøk til oss i månadsskiftet mars/april, vi skal arrangere morsmålsdag og sommarles, vi skal feire Grunnlova og Alf Prøysen og mykje meir. Det blir eit fantastisk år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar