tirsdag 14. januar 2014

Fotballarrangement på biblioteket

Fotball – lidenskap eller galskap?

Ragnhild Lund Ansnes har gått frå å hate fotball til å bli første kvinne i verda til å skrive offisielle klubb-bøker i erkekonservative Premier League.
No brukar ho sine erfaringar frå å ha forska på fotballkulturen og det å ha skrive to bøker om Liverpool FC til å motivere ungdomsskuleelevar og folk flest til å følgje draumane sine, til å snakke om viktige sider av det å vere menneske og til å gje eit annleis blikk på kva fotball gjer med folk.
Det starta som ein radiodokumentar for NRK P2 («Du vil aldri gå alene») i 2008 der Ragnhild ønska å finne svar på kvifor hundretusenar av nordmenn er hekta på engelsk fotball og kva fotballen gjer for fansen. Dokumentaren blei den mest høyrde av alle dokumentarar det året. Programskaparen sat med mange hundre upubliserte, sterke historier frå norske Liverpool-fans. Med hjelp av professor i psykologi, Arne Vikan, skreiv ho bestseljaren «Liverpoolhjerter» i 2010.
Det er funn frå denne boka og oppfølgjaren «Liverpoolhelter» (offisiell LFC-bok om korleis det er å vere mennesket bak spelaren i internasjonal toppfotball) samt Lund Ansnes sine fem år på innsida av Liverpool FC som ligg til grunn for ein landsomfattande turne for den kulturelle skulesekken. Ragnhild Lund Ansnes har no sagt opp jobben i NRK P1 for å jobbe heiltid med fotball! 
Tysdag 28. januar  kl. 19. kjem forfattaren på besøk til Stryn bibliotek.  Biblioteksbesøket i Stryn er i samarbeid med Stryn Fotball og er ope for alle. Gratis inngang.
Ein må absolutt ikkje vere Liverpool-supportar for å komme eller spesielt interessert i fotball for den del. I følgje Ragnhild Lund Ansnes sjølv kan det vere like interessant for dei som står litt på utsida, men som kanskje er mor, far, tante, dotter, gift med etc. ein lidenskapeleg fotballsupportar.
Bloggen til Ragnhild Lund Ansnes http://liverpoolhjerter.no blir lesen i 41 land.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar