mandag 27. august 2012

Torbjørn Egner 100 år


I år er det 100 år sidan Torbjørn Egner vart født. Han kom til verda den 12. desember 1912 på Kampen i Oslo, og skulle vekse opp til å bli ein allsidig mann, elska av barn over heile landet.

Torbjørn Egner var utdanna teiknar, men viste etterkvart at han hadde talent på fleire felt enn dette. Han jobba som grafikar, scenograf, dramatikar, visekomponist og ikkje minst som forfattar. Like før krigen, i 1939, kom den første barneboka hans. Den vart like så godt kalla "Barneboken 1940". Snart kom det også fleire barnebøker. Dei mest kjende bøkene blei til etter at han byrja å jobbe med barneprogram i radioen. Både Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen og Folk og røvere i Kardemomme by byrja som opplesing i radio før dei kom som bøker og teateroppsetninger.

Karius og Baktus
På biblioteket har vi mange av Torbjørn Egner sine bøker, og vi veit at både barnehagar og skular skal jobbe ekstra med bøkene til Torbjørn Egner i år. Vi ønskjer alle velkomne til å komme på biblioteket og låne av samlinga vår.




Les meir om Torbjørn Egner

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar