Frå forlaget:
På en lettfattelig måte og med dramatikk som i en thriller fortelles historien om hvordan de vestlige stater havnet i det verste økonomiske uføret siden 1930-årene. I Østen derimot industrialiserte Kina og overtok den produksjon som Vesten avviklet. Hvordan kunne dette skje? Denne boka forklarer hvordan.
Ei god bok for dei som vil lære meir om gjeldskrisa vi er inne i, og på kva måtar den kan ramme oss. Sjølv om emnet i seg sjølv er makroøkonomi som kan vere særs så avansert og innfløkt, er denne boka skriven på ein enkel og lett måte som gjer boka lettlest og spanande. Så absolutt ikkje ei bok kun for diplomøkonomar!
På ein måte har mange land i vesten gått frå å vere I-land til å bli gjeldstynga «U-land» som lever i ei boble av shopping og tenester til kvarandre. Kina og andre land i Asia stod klare til å produsere, og ikkje minst låne ut dei pengane som måtte til for å finansiere kjøpefesten. Korleis går det når kalaset skal tilbakebetalast, og korleis?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar